onsdag 27. desember 2023

Årbok for Skjerstad 2023

Om mus og menneske i Skjerstad

Omtalt av Inge Strand, Bokmeldarlauget

Årboknemnda i Skjerstad med Ingrid Lien som redaktør har lansert Årbok for Skjerstad 2023 under den tradisjonelle tittelen «Ka du fretta dar?» Og det frettast så mangt på dei kantar. Gjennom 96 sider fartar vi både i tid og rom i gamle Skjerstad kommune.

Hovudoppslaget i år hyllar 93-årige Odd Lekang som i 2023 vart tildelt Kongens fortenstmedalje for m.a. langvarig og iherdig innsats med å grave i lokalhistoria og formidle henne i det offentlege rom. Rune Lekang skriv om prosessen som førte fram til Kongens tildeling, ispedd glimt av Odd Lekangs merittliste innan kulturarbeid, som idrettsutøvar og som entreprenør – både i yrkeslivet og i kulturlivet. Saman med omslaget med den nyslåtte medaljøren gir Rune Lekangs rikt illustrerte tekst eit varmt portrett av ein heidersmann i Skjerstad.

Forsida: Odd Lekang mottok Kongens fortenstmedalje under Bygdefolkets dag i 2023 for langt og iherdig arbeid med å dokumentere og formidle lokal historie. Foto: Lars Olav Handeland.

Hildur og Gjermund Gryt har saman og kvar for seg sett spor i kulturlivet i Skjerstad. No er dei begge pensjonistar og bidreg i årboka med personlege tekstar; Hildur om sitt liv som organist, og Gjermund om eit vikariat som prest i Berlevåg. Det siste kan vi kanskje spørje om er relevant i ei lokalhistorisk årbok. Men Gjermund Gryts – reisebrev vil eg kalle det – kjennest like mykje som ein tekst om forfattaren der han skildrar sitt møte med det notidige og det fortidige Berlevåg og gjerninga som prest. Og det er definitivt innafor.

  Hildur Gryt i sitt rette element i Misvær kirke. Foto: Lars O. Handeland.

Hildur Gryts tekst er forma som ein takk for store opplevingar i arbeidet, retta mot nære medarbeidarar og ut mot heile kyrkjelyden. Ho er blitt kjend langt utanfor soknet for sine salmekveldar, 250 i alt, der ho saman med gode medarbeidarar og gjestar har skapt ein arena for salmen vi knapt finn maken til. Hildur Gryt omtaler seg sjølv som «potet» - som kan brukast til alt; kordirigent, kulturskolelærar, bokutgjevar på Bokklubben … Kan hende kan både Hildur og Gjermund kome fram med meir av det dei har fretta i nye årbøker, skriveføre som dei er.

Odd Jørgen Nilsen er både med i redaksjonen og ein flittig bidragsytar til boka. I årets bok har han fire titlar, og han står fram som kjeldegranskaren som gjer fortida levande for oss. Her og no vil eg trekkje fram «Historien om Anna Kvannås», der han følgjer Anna frå fødsel i 1871 til ho døydde i 1944. Ingressen fortel oss at i løpet av sju år døydde alle mannfolka rundt Anna, og ho og dottera Lorentse Regine på 10 år vart ståande åleine og måtte greie seg som best dei kunne. 

Anna og Lorentse Kvannås vart tidleg ståande åleine og måtte greie seg som best dei kunne. Foto: Louise Engen.

Nilsen skaper ei elegant ramme rundt forteljinga, knytt til ei bårstue på Skjerstad, og han har gjort eit imponerande kjeldearbeid, både med skriftlege og munnlege kjelder. Han har òg funne fram eit rikt biletmateriale som fyller ut teksten. Resultatet har diverre blitt ein artikkel med for mykje detaljert informasjon om sekundære forhold som meir kastar skugge enn lys over portrettet av Anna.

Boka vekslar mellom grundige, historiske tekstar og meir personlege tekstar. Redaksjonen har òg gitt rom for poetiske innslag, som denne meldaren tykkjer om. Mellom desse tekstane vil eg trekkje fram Anny Johansens skildring av sin første jobb, på Hansgård gjestgiveri rundt 1950. Teksten gir oss eit fint tidsbilete frå ein landsens gjestgivargard, både om arbeidet, om serveringa og ikkje minst om gjestane. Godt gjort. Eg vil òg nemne Kurt Hermann Carlsens vesle tekst om butikken i Vågan som ei påminning om at dette var ein del av Skjerstad kommune ein gong.

Av dei hine er Tor Danckes artikkel om «Ytterloftsmysterier» ei perle i denne meldaren sine auge, Forfattaren ryddar i familiehuset ein stad i Skjerstad, og arbeidet genererer både søppelsekker som blir levert på gjenbruksstasjonen og, langt viktigare, ein tresiders tekst om den systematiske gjennomgangen av «levd liv», sirleg stabla på ytterloftet. Og teksten er slett ikkje i sjangeren «vareoppteljing», nei, her deler rydjaren sine refleksjonar og assosiasjonar med lesaren medan arbeidet skrir fram. Ei mus-eten salmebok skaper tankeflukt og endar i spørsmålet om ei rotte som tar seg inn i ei kyrkje og forsyner seg av ein oblat, vil vere signa? Denne teksten åleine er grunn god nok til å kjøpe boka. 

Innhaldet i ei gamal kiste kan gje store opplevingar. 
Foto: Tor Dancke.
 
Årboka blir avslutta med ein knapt 20 siders kavalkadedel, der 15 sider er saksa frå menighetsbladet «Skjerstad rundt» etter 2018 og resten er vigd det siste året. Kavalkaden verkar svært tettpakka, og særleg i den siste delen kjem ikkje bileta til sin rett. Å presse liggande foto inn på ein spalte i eit så lite bokformat gjer dei ikkje særleg godt leselege. Når det så blir sagt at «Skjerstad rundt» òg finst på ein nettadresse i tillegg til å ha vore prenta annanstad for få år sidan, blir unekteleg inntrykket av fyllstoff nærliggjande.

 

Samefolkets dag 2023 vart feira på grendehuset i Vestvatn i samarbeid mellom Beiarn og Skjerstad menighet. På biletet: Bjørn Ove Berntsen og prestane Lise Skomedal Trones og Kjell Bjørka. Foto: Lars Olav Handeland.

Årbok for Skjerstad er språkleg gjennomarbeidd og rikt illustrert, og det er mykje godt å seie om det som er der. Men noko manglar. Stoffutvalet er svært «nordtungt»; ingen artiklar kastar lys over Misværmarka, og det samiske Skjerstad er heilt fråverande – trass i ein pågåande revitalisering av pitesamisk språk og kultur. Her er det rom for betring neste gong.  

Årbok for Skjerstad 2023 
128 s, innbundet 18*25,5 cm 
Opplag: 400 
Utgiver: Årboknemnda i Skjerstad 2023 
Pris: Kr 320,-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar