lørdag 20. november 2021

Vakkert fra Steigen - årbok 2021

Omslaget til Årboka er også i år eit kunstverk av Hugo Aasjord, denne gongen årets sagaspelplakat. Foto: Marit Schrøder Elvik

 

Omtalt av Inge Strand, Bokmeldarlauget

Årbok for Steigen er nestor i årbokfamilien i Salten. Årets bok er nr. 46 i ubroten rekke, alle utgitt av Steigen historielag. Redaktør i år er Inge J. Albrigtsen. Boka har 104 sider, og kunstnaren Hugo Aasjords vakre sagaspelplakat prydar det laminerte omslaget; eit skikkeleg blikkfang. Årboka har ei markert todeling; dei første 33 sidene er omtale av viktige hendingar i kommunen det siste året, og resten av boka er fylt med meir tradisjonelt årbokstoff.

 

  Ein fiks detalj er å illustrere innhaldsoversynet.

Den innleiande kavalkaden imponerer både som formidlar av det høge aktivitetsnivået i næringsliv og kulturliv i Steigen, og at han med kortfatta ordbruk og illustrasjonar informerer godt. At steigværingen er nærverande, får vi òg stadfesta når ei pridemarkering samlar 200 deltakarar – og at to steigværingar har mottatt Kongens fortjenstmedalje på eitt år, må vere godt over middel. Gjennom fleire innslag får vi inntrykk frå eit variert næringsliv i kommunen, der ikkje minst unge forretningsfolk tykkjest få det til. Eit aktivt historielag har reist minnesmerke over samekona Anna i Makkvatnet, og Langsteinen, bautasteinen som vart skamfert i 2014, er restaurert og avdukinga er sjølvsagt omtalt. Bjørn Erik Stemlands prolog ved avdukinga dannar en fin overgang til neste avdeling. Her følgjer 13 velskrivne artiklar med vekslande tema.

Langsteinen vart atterreist 27. august 2021, og Årboka var der. Foto: Bjørn Erik Stemland

Langsteinen vart atterreist 27. august 2021, og Årboka var der.  

Foto: Bjørn Erik Stemland

Mellom dei har eg henta eit utval eg meiner speglar heilskapen. Lars Sandbak skriv om folk som flyttar inn og ut av Folda; om dølar og ranværingar som kom, om etterkomarane sitt liv i Folda og om somme som reiste vidare til Amerika. Sandbak skriv godt, men han får etter kvart eit stort persongalleri å halde styr på. Innvigde lesarar har visseleg stor nytte av beretninga, men denne lesaren – og truleg mange med meg – ramlar raskt av lasset. Stoffet er interessant, men framstillinga blir for summarisk og springande. Det kunne etter mitt skjønn ha vore delt opp i fleire artiklar med større innleving i kvar av dei omtalte fasane.

Andor Normann skriv varmt om venen Rolf Jensen. Rolf vart fødd under dramatiske omstende i Kirkenes sommaren 1944. Faren var tysk soldat, og det gjorde ikkje livet lettare for unge Rolf og mora Jenny. Rolf kom til Folda og til oppofrande fosterforeldre, og fekk eit godt liv. Normann skildrar venen på en verdig måte, og vi møter eit mangesidig menneske, ein pelementmakar i Normanns ordbruk. Det er likevel noko uforløyst i teksten. Når Rolfs bakgrunn blir så nøye gjort greie for, ville det gitt forteljinga ein ekstra dimensjon om Rolfs tankar og røynsler om barndom og opphav hadde kome fram. For eg reknar med at dei to gode venene snakka om det i sine mange stunder saman.

Rolf Jensen saman med mor, far og bestemor i Kirkenes. Ukjend fotograf.

Sidsel Bakkes beretning om ei kiste på vandring er spennande lesing. Bakkes kartlegging av ferda blir hjelpt av nokre dokument i kistelokket, mellom anna nokre brev frå mor til son på 1780-tallet. Med desse og andre kjelder, og litt spekulering, fortel Bakke ei truverdig historie om kistas ferd gjennom tid og rom til ho hamna nørdst på Engeløya. Undervegs får vi spennande og gripande skildringar om folk kista har møtt på turen, og flotte foto hjelper oss med det visuelle inntrykket.

Oskar Kristiansen har tatt føre seg bruket Elvshaug i Stamsvika i Nordfold gjennom 100 år – med eit blikk attover til 1700-tallet. Hovudpersonane Olaf og Borghild kom hit frå Sørfold, og Kristiansen fortel fengande om liv og levemåte gjennom dei hundre åra på garden i klassisk gardshistoriesjanger. Skribenten gjer greie for kjeldene han har brukt, og han bruker dei godt til å gje oss eit bilete av daglegliv, sesongvariasjonar, hushold med fleire generasjonar og ikkje minst; at det går framover! Eit rikt biletutval utfyller teksten godt.

Årbok for Steigen held seg bra med veteranar. To som eg vil tru har vore med frå starten, er Aasmund Gylseth og Bjørn Erik Stemland. Gylseth skriv godt om då MS Salten grunnstøytte utanfor Brennsundvær i 1974. Med den unge passasjeren Merete Nilsen som  hovudperson skildrar han dramatikken med å få berga folk i land på ein fengande måte. Stemland skriv om «Atle og Kjell», to gründarar som fekk fart på Leinesfjord. Verksemda NYMA er kjernen i strevet deira, og vi får ein fin kronologisk gjennomgang av utviklinga fram til i dag – med knoppskytingar og om andre firma som har hatt tilvære i NYMA. For meg blir likevel artikkelen for leksikalsk med vekt på kva dei gjorde meir enn kva dei tenkte og kva som motiverte dei. Det ville vore spennande å vite. Til slutt i artikkelen får vi vite at Rigmor og Tuppi var viktige, dei òg …

Som siste eksempel vil eg trekkje fram Jan Andersen. Han skriv om ho Atzenia som strikka ullunderbukser, og som er det einaste kvinneportrettet i årboka. Atzenia får ikkje så mykje rom å boltre seg på i teksten; det er vel like mye om skribenten sine opplevingar av nemnde plagg. Derimot boltrar Andersen seg på tastaturet og syner fabelaktig evne til skildring, også i en annan artikkel der han skildrar ungane sin uteleik på femtitalet. Skriv meir, Jan Andersen!

Jarl-Arne Pedersen skriv om presten Fredrik Nicolai Jensen og omtalar han som kan hende den mest fargerike presten i Steigen nokon gong. Dette biletet med kyrkjeferd over Langsteinbakken er malt av Jensen ca. 1870 og heng i Steigen kirke. Foto: Jarl-Arne Pedersen. 

Årbok for Steigen er vakker, og ho er original med fordelinga mellom fortid og nåtid. Det har kan hende gått ut over «fortida» ved at artiklane her ikkje spenner så vidt ein kunne ønskje. Når boka i tillegg stoppar på side 104, forsterkar det inntrykket av at ho er litt tynn ...
Det redaksjonelle grepet på denne delen verker heller ikkje så bevisst som på «nåtida». For denne lesaren er det òg eit sakn at ikkje bidragsytarane er presentert. Nokre ord og eit foto hadde gjort seg. Å kreditere alle fotografar er også ein pen skikk.

 

Årbok for Steigen 2021
104 sider, innbunden 25,5 * 19 cm
Utgivar: Steigen historielag
Pris: kr 300,-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar