fredag 24. november 2023

Gildeskålboka 2023

Markante personlegdomar i Gildeskålboka


Omslaget viser Finnes og omland frå lufta. Foto: Lars Westvig.

Gildeskålboka er publisert for 43. gang – i lett attkjenneleg utforming og med eit innhald vi òg kan nikke gjenkjennande til. Ho er utgitt av Gildeskål kommune med Svanhild Lind som redaktør. Boka har to avdelingar; ein fyldig del med artiklar om historiske hendingar og aktivitetar, portrett og forteljingar, og ein mindre del med utvalde storhendingar frå året som er gått.

 

Oscar Berg i sitt rette element. Foto: Svanhild Lind.

Kulturarbeidaren Oscar Berg døydde i 2022. Han var ein sentral formidlar av kultur og historie i Gildeskål og har fått brei og fortent omtale i heile tre artiklar. Det umiddelbare inntrykket er om det kanskje ville ha vore Oscar til endå større ære om redaksjonen hadde presentert ein samanfatta, monumental omtale av han og livsverket hans.

Oscar Berg var bodøværing, men Gildeskål har òg fostra mange markante personlegdomar. I årets bok blir dei presentert på rekke og rad, med noko ulik vinkling. 

Hans Trygve Holm er først ute med ein artikkel om sopranen Birgitte Christensen som har inntatt ei rekkje operascener i verda. Frå korpsmusikk og korsong i heimbygda gjekk vegen til musikklinje på vidaregåande skole og studium på Musikkhøgskolen og vidare til ein rik og variert karriere på ulike arenaer. Artikkelen er rikt illustrert med foto frå karrieren. Holm gir ei livaktig skildring av sopranens liv og virke; kan hende kunne vi ønskt oss noko meir om mennesket Birgitte Christensen. Der er opptaktar, men dei blir ikkje følgd opp. Og ein tekst kan bli overlessa av foto …

Sopranen Birgitte Christensen under operagallaen i Bodø 2008. Foto: Birgitte Christensen og Hans Trygve Holm

Stein Sneve følger opp med en stor artikkel om biletkunstnaren Michaloff Wigdehl. Wigdehl var fødd i Gildeskål, han levde delar av livet her, og han fann grava si på kyrkjegarden ved Gildeskål gamle kirke. Sneve tar oss med på ei reise gjennom Wigdehls kunstnariske utvikling, spunne inn i hans borgarlege liv. Malaren verka under nyromantisk påverknad og blir referert til som «Nordlandsmaleren par excellence», og omtalen blir underbygd med illustrasjonar frå kunstnaren si hand. Men Sneve set ham òg inn i ein nasjonalistisk samanheng som deltakar i arktiske ekspedisjonar med sikte på territoriale krav. Wigdehl deltok på fleire turar, men bidrog neppe til landnåm. Men hans kunstnariske utvikling vart stimulert, og han er då òg karakterisert som «Spitsbergens malar». 

Sneve ivrar for å auke merksemda om Michaloff Wigdehl og kunsten hans, og han har levert eit godt bidrag sjølv; for denne meldaren var Wigdehl stort sett berre eit namn før eg las artikkelen. Eg skulle gjerne sett at Sneve hadde oppgitt referansar til arbeidet sitt, og ingressen gir etter mi meining eit noko skeivt bilete av «jakten etter en nasjonal identitet» på tidleg 1900-tall. 


Michaloff Wigdehls verk «Cap Mitra» frå 1915. Foto: Stein Sneve

Elias Blix er også ein av Gildeskåls store søner. Han er tilgodesett med vel fem sider omtale, saksa frå Folkebladet i 1902 og gjengjeven i same arkaiske språkdrakt som då. Omtalen er velvillig, men det fortonar seg likevel merkeleg at Gildeskålboka prøver å kaste glans over salmediktaren, akademikaren, politikaren og ikkje minst, språkmennesket Elias Blix, ved å trykke opp ein meir enn 120 år gamal tekst på stivt riksmål. Ein nyskriven tekst med nokolunde likt grep som overfor Michaloff Wigdehl, ville ha vore langt heldigare.

Noko liknande gjeld Johan Sundsfjords omtale av Håkon Sund – guten frå Sund som vart riksadvokat. Relasjonen hans til Gildeskål blir nemnd i ein treliners ingress, medan resten av artikkelen ber preg av å vere skriven til eit heilt anna føremål.

Den siste personomtalen eg vil trekkje fram, er også trykt tidlegare, men fungerer fint nesten 60 år seinare. Det er eit portrett av åttiårige Hanna Nilsen frå Forstranda, som då sit og lagar lamper av skjell i Bodø, men som i yngre dagar levde eit langt barskare liv. Å leve som einsleg kvinne og vere gardbrukar i utkanten av utkanten kunne vere krevjande, men Hanna klagar ikkje: – Vi åtte noko som heitte gode naboar i den tida. Å skildre eit menneske kan gjerast på så mange måtar. Signaturen Toto i Nordlands Framtid nemner fleire gonger at Hanna nødig vil snakke om seg sjølv. Det er ein måte … Det er synd ikkje Toto er identifisert som Tonny Thomassen slik at ho posthumt kunne ha blitt kreditert for eit flott portrett av Hanna Nilsen. 

 M/K Storøy var med på fraktefarten mellom Bodø og Sørarnøy. Foto: Johan Sandberg

Av tjuetals andre artiklar vil eg trekkje fram nokre. Rolf Hessvik formidlar Johan Sandberg sine minne om varetransport frå Bodø og særleg til Sørarnøy før det kom skikkeleg dampskipskai der. Personar og gods som kom med «lokalen», måtte bli lasta om til ein ekspedisjonsbåt og førast til land. Det var tungvint og arbeidskrevjande, og kjøpmennene på staden leigde derfor lokale fiskeskøyter til å frakte varer av alle slag. Sandberg fortel levende og detaljert om frakting av drivstoff i jernfat frå tankanlegga i Bodø, kol i laus vekt på båtdekket og vanlege kolonialvarer og andre handelsvarer. Det hende òg at båtane bringa passasjerar som var på handelstur i byen. Kvaliteten i denne beretninga er spesielt den detaljerte skildringa av trafikken. Det er nesten som lesaren kjenner dufta av bensin, eple og rosiner under lesinga.

Den andre artikkelen er Kari W. Lians artikkel om ljåslått, tidlegare publisert i landbrukstidsskriftet Norden i 1999. Den passar ekstra fint i Gildeskålboka sidan det er Helge Nilsen på Forstranda som er gjennomgangsfigur i artikkelen. Her får vi innblikk i alle sider ved oppsett og bruk av ljåen gjennom tekst og illustrative foto. Men redaksjonen burde ha kosta på seg ein ny ingress …

Gode foto om ljåslått; slik lærte gutungane å bruke ljåen. Foto: Kari W. Lian.

Rolf Hessvik har òg lytta til Bodil Angelsen og formidlar hennar minne om storklesvask på Brekksteinmoen på 1950-talet. Då var det ikkje innlagt vatn i heimen, og vaskemaskin var et framandord. Når det var storklesvask, fann mor og farmor det føremålstenleg å ta med seg remediar og skittentøyet nokre hundre meter opp til Brekksteinmoen der det var rikeleg med rennande vatn. Angelsen og Hessvik evnar å skildre arbeidet slik at vi ser det framfor oss, og dei vekslar mellom det vaksne og det barnlege perspektivet: Ungane leika og bada i ein kulp i elva medan vaskinga gjekk føre seg. Men då kleda skulle skyljast, måtte ungane opp, det grumsete vatnet ut, og kulpen vart fylt med nytt, reint vatn til skyljinga. Arbeidslivsskildring på høgt nivå.

La meg òg nemne Finn Steens artikkel om konfirmasjonen på Saura i 1954 med refleksjon over førebuingane, og ikkje minst om ei dramatisk hending før den store dagen. Du kan lese om alt i boka …

Endeleg vil eg nemne Merethe Skilles artikkel om Storvik gard der ho og mannen Kjell Ivar Hansen prøver å skape ein levande gard bygd på nærleik og mangesysleri. Lykke til begge to!

Gildeskålboka vender seg hovudsakleg til gildeskålværingar i heile verda, men her er stoff som vil finne interesserte lesarar langt utanfor denne gruppa. Stoffet er rimeleg godt fordelt på kronologi, geografi og kjønn, og er godt korrekturlest. Eg hadde gjerne sett ein kort presentasjon av forfattarane ein plass i boka, og redaktøren si fråskriving av ansvar for det som blir publisert i boka, meiner Bokmeldarlauget ho neppe har heimel til. Det er òg ein pen skikk å kreditere fotografane skikkeleg.

Trass i somme innvendingar og oppmoding til redaksjonen om å engasjere seg sterkare i stoffet, anbefaler eg årets Gildeskålbok på det varmaste.

Av Inge Strand, Bokmeldarlauget

Gildeskålboka 2023  
128 s, innbundet 19*25,5 cm 
Utgiver: Gildeskål kommune 2023
Opplag: 950 
Pris: Kr 275,-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar