torsdag 4. november 2021

Om straumkallar, vikingspor og kamplystne kvinner - Saltstraumboka 2021


Omslaget til Saltstraumboka 2021 gir oss utsikt frå Lurfjelltinden til delar av bokas nedslagsfelt. Innmaten gir oss innsikt i liv og levemåte gjennom tidene. Foto: Ann-Heidi Seines. 
 

Omtalt av Inge Strand, Bokmeldarlauget

Saltstraumen Historielag har gitt ut 14. årgang av Saltstraumboka. Det er blitt ei fin og leseverdig bok med 120 sider variert innhald om folk og hendingar frå området rundt Saltstraumen gjennom eit langt tidsspenn. Boka har laminert omslag, og baksatsen er eit kart over dekningsområdet.

Naturleg nok er straumen eit sentralt element i ei slik bok. Redaksjonen har funne fram Carl Schøyens Nord i værene (1943) og trykt kapittelet som omtalar Saltstraumen. Det er eit hyggeleg attersyn med ein tekst som er gløymd, men som skildrar «fossen» og dramatiske førestillingar om han. Her kunne redaksjonen likevel ha løfta opplevinga med dramatiske foto frå straumens velde.

Schøyens beretning er kopla mot tre skildringar om forlis og farefulle ferder i straumen. Dei omhandlar delvis same hendinga, men med ulike forteljarar. Det gir lesaren eit vidare perspektiv og er absolutt eit godt grep frå redaksjonen. Einar Furre og Janne Magnussen sine illustrasjonar til tekstane gir oss ei djupare oppleving.

Ei anna vellykka kopling er Ann-Heidi Seines’ artikkel om Seines & omegn husmorlag og John Lars Seines’ artikkel om «Husmorveien». Å drive husmorlag på Straumøya var slett ingen enkel oppgåve frå starten i 1956. I tillegg til tradisjonelt lagsarbeid vart kampen om betre vegsamband mellom grendene på øya ei kjerneoppgåve – også slik at medlemmane slapp å komme «buksvåte» til møta. I artikkelen om «Husmorveien» får vi eit tilbakeblikk og følgjer strevet vidare – både i og utanfor husmorlaget. Beretninga er eit klassisk døme på utkanten sin strid mot «myndigheitan», men nesten 50 år etter kampstart kunne folk feire at også asfalten var på plass. Artiklane er illustrerte, men bileta frå «Husmorveien» kunne gjerne ha vore større, og eit kart over anleggsområdet hadde hindra denne meldaren å hamne på bærtur…

Portrett høyrer med i ei årbok. Edny Sannes voks opp ved Saltstraumen, men flytta ved seksårsalderen med familien til Ny-Ålesund på Svalbard. Artikkelen er frå ein ekstern publikasjon, og denne melderen slit med å komme innpå straumjenta Edny. Denne teksten kunne med fordel vore skriven om med lokalt perspektiv.

  

Somme tekstar ropar på illustrasjonar. Saltstraumboka har dyktige folk til å svare, som Janne Magnussen: Ekspedisjonsbåten ror ut.

Odd Willy Hansen har skrive om kommunepolitikaren Hans O. Marvold som syner seg å vere noko langt meir. Som mange andre hamna Marvold i Sulis, og han arbeider ved gruver og anlegg før dramatiske omstende bringar familien tilbake til Marvoll. Her bygg dei opp garden, og Marvold engasjerer seg i politikk og organisasjonsliv. Skildringa av virket hans blir samstundes ei beretning om samfunnsutviklinga på Nordlandskysten og vil være nyttig lesnad for mange utanfor bokas nedslagsområde.

O.W. Hansen har også skrive artikkelen om nestorane frå Seivåg, brørne Torbjørn Seiring (96) og Odd Kristiansen (91). Ein reiser ikkje monument over levande menneske, men denne artikkelen kan likevel seiast å vere eit verbalt monument over to rørige, gamle menn, som framleis bidrar på sine interesseområde.

Mariann Kristiansen har skrive om å restaurere hus, og om hinder som kan dukke opp undervegs. I hennar tilfelle kom det fram eit fornminne under golvet. Kristiansen fortel levande om restaureringsprosessen og om å ha arkeologar i arbeid i huset samstundes. Konklusjonen så langt er at det truleg er eit funn frå vikingtid. Denne velskrivne teksten kunne ha blitt endå meir interessant om rapporten frå utgravinga hadde vore klar, og lesaren hadde fått vite visst kva som gøymer seg under golvet. Artikkelen er illustrert med foto frå utgravinga, men det er synd at dei vart for mørke i trykken til å kunne kaste best mogleg ljos over funna.

Elisabeth Nilsen har skrive både om Galleri Saltstraumen og Saltstraumen Museum. Beretninga om galleriet kastar ljos over eit for mange gløymt prosjekt. For oss uinnvigde er det imponerande kva som kan bli gjort når oppfinnsemd, pågangsvilje og mange gode hjelparar går saman. Her kom ein kulturminister og opna galleriet, og utstillarlista er lang og med mange kjente namn, som sortlandskvinna Britt med det klingande etternamnet Boutrous-Gahli. At ei slik verksemd ikkje kan drivast utan konflikt, overraskar ikkje, men forfattaren er open om det. Det overraskar heller ikkje at forfattaren hadde ein finger med i spelet, og vi får såleis også demonstrert utfordringa med å skrive «frå innsida». Eg tykkjer Nilsen greier det bra.

Innslaga om Saltstraumen Museum er på den eine sida om ei storfelt gåve museet har fått med kvinneklede etter ein velhalden familie i Vikan og på Løding. Det har blitt ei flott utstilling på museet, og ein rikt illustrert artikkel i årboka. Då er det synd at bileta er alt for knuslete til å kunne formidle både heilskap og detaljar ved plagga. For små bilete er eit gjennomgåande fenomen ved boka, og eg vil rå redaksjonen til å vurdere biletbruken med nye og større auge i neste utgåve.


Frå utstillinga på Saltstraumen Museum: 
Raffe hovudplagg frå tidleg 1900-tal. Foto: Elisabeth Nilsen.

Det andre innslaget er om Team Bachstad som gav raus omtale til museet under sommarens turne til Nordkapp. Slike klapp på skuldra er god indremedisin og så vel unt for lokale kulturarbeidarar!

Saltstraumboka har mange gode skribentar. Somme er nemnd, og i tillegg vil eg nemne Arnfinn M. D. Thesen som skriv levande om matskikkar til jul, og om pikeforeningen Indias Håp, Gudmund Solstad, som skriv om turar i fjella sør om straumen, Tore Topp, som skriv om skonnerten «Moder» som hadde ein omflakkande seilas både før og etter at han kom i Peter Schjelderup på Skånlands eige. La meg òg nemne Bjørnar Enoksens artikkel der han formidlar Martinus Knaplunds fordomsfrie beretning om kvardagslivet på Knaplund under den tyske okkupasjonen, og redaktør Arild Larsens artikkel om arbeidet med å utarbeide gradteigskart i området. Dette er spennande stoff og kunne ha blitt endå meir leseverdig om Larsen hadde frigjort seg frå kjeldene og fortalt med eigne ord.

Eg vil gje honnør til redaksjonen for velgjort arbeid, sjølv med dei innvendingane eg har kome med. I tillegg er korrekturlesinga ikkje heilt patent, fotokrediteringa er også mangelfull, og det overraskar at redaksjonen ikkje har registrert skrivemåten til fjellmassivet i sør: Børvasstindan, og fjordarmen i vest: Saltfjorden.

Men det er småplukk som redaksjonen gjer noko med i neste utgåve.

Saltstraumboka 2021
120 sider, innbunden 25,5 * 19 cm
Utgivar: Saltstraumen Historielag 2021
Pris kr 300,-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar