tirsdag 4. oktober 2022

Skolp - Årbok for Vågan 2022

Mangfaldige skolpar

 
 

Omslagsbiletet er frå Trevarefest 2022 i Henningsvær.  Foto: Lars Martin Hunstad. 

Vågan historielag har i samarbeid med Lofotmuseet publisert 47. årgang av Årbok for Vågan – med undertittelen Skolp. Det fortel oss at vi har med ein pioner å gjere frå bølgja av lokalhistoriske årbøker frå 1970- og 1980-tallet. Årboka er fyldig med sine 192 sider, og inneheld variert stoff både i tid og rom i 24 illustrerte artiklar – over ein tradisjonell lest. Redaktør for denne og dei siste 37 årgangane har vore Håkon Brun.

To trekk ved Årboka slår denne meldaren: det sterke innslaget av unge skribentar og den relativt store delen av tidlegare publisert materiale. Tre nittenåringar har levert manus til boka, og det kjem fram at det er elevarbeid frå vidaregåande skole under vignetten «Min familie». 
 
Ylva Strand skriv om sin kvenske formor Wilhelmine som saman med familien – og mange andre – braut opp frå Tornedalen i 1860-åra og søkte lykka i Norge. Dei kom til Kvænangen, og vi følgjer «Mina» vidare i livet i Norge. Ho møtte Leonhard på Ibestad, og saman fekk dei ein stor familie med bustad på Senja. Forfattaren syner at ho har lært om historisk metode, og det er eit imponerande arbeid ho har utført. 
 
Erle S. Bjørgaas har valt seg oldefar Arne Berg som sitt objekt. Han var 4. generasjon i kjøpmannsdynastiet Berg i Svolvær og var født i 1904, og forfattaren har valt å byggje sin tekst rundt oldefars deltaking i kampane ved Narvik våren 1940. Viktigaste kjelda er ei dagbok etter oldefar, og med den som primærkjelde fortel ho om oldefars dramatiske opplevingar under kampane mot okkupanten, og ho filosoferer også over korleis røynslene hans derfrå påverka han seinare i livet som forretningsmann og aktiv samfunnsborgar.
 
Erlend Løvland har valt ei anna tilnærming. Han har tre tippoldefedrar som arbeidde ved jerngruva under Matmora i Vatnfjorden i ein kort periode tidleg på 1900-tallet, og skildrar arbeidstilhøve og økonomiske tilhøve på denne tida, både for gruvestaden og i samfunnet elles. Dernest skildrar han livet til forfedrane sine, både under gruvetida og seinare i livet, og reflekterer over det tilfeldige ved at tre menn frå ulike område seinare skulle bli tippoldefedrane hans.

Alle artiklane er rikt illustrerte, somme rikare enn andre, og dei er svært velskrivne og dokumenterer kjeldebruken tydeleg. Men elevarbeid er en annan sjanger enn årbokartiklar, og eg meiner redaksjonen både burde hjelpt forfattarane med å tilpasse stoffet til dette formatet og rettleie dei tydelegare. Det skal ikkje dei unge forfattarane vere lasta for; dei skal ha all ære av innsatsen.

 
Skolp har mange flotte illustrasjonar. Oljemåleriet «Svolvær» av Bruno Krauskopf er eitt av dei. Kjelde: Svein Westlye: ”Bruno Krauskopf - Et fargerikt kunstnerliv”.
 
Åtte av artiklane i årboka, ein tredel av titlane, er publiserte tidlegare. Det kan vere gode grunnar til å trekke fram slikt stoff, særleg viss det har kvalitet og tidlegare publisering er lite tilgjengeleg. Etter mitt skjønn fortener utdraget av Svein Westlyes bok om malaren Bruno Krauskopf og hans forhold til den kunstinteresserte ingeniøren Kjell Langfeldt i Svolvær å bli trykt, og likeså Gisken Wildenveys artikkel frå bladet Urd om «Jul i mørketiden». Gisken Wildenvey var fødd i Vestpollen og vaks opp på Andøya, og den lokale tilknytinga var sterk. Eit annet leseverdig innslag er utdraget frå «Kirke og kultur» (1945) av Kristen Skjeseth, der han skildrar fangenskapet saman med andre lofotingar som vart arresterte etter Lofotraidet i 1941. I andre enden finn vi ein omtale av forfattaren Sigurd Sivertsen, som var trykt i årboka i 1978.

 Lofotbilder 1-3 var eit hovudverk frå Svein Småskjærs produksjon.
 
Dei andre artiklane er breitt fordelte, og eg vil trekke fram tre: Anders Holmen har skrive om forfattar/fotograf/biletredaktør m.m. Svein Småskjær, rikt illustrert, rimelegvis … For oss som kjende Småskjær som fagperson, er det ei oppleving også å bli kjend med mennesket Svein Småskjær i Holmens monumentale artikkel. Veldig bra! 

Bente M. Larsen skildrar befolkninga i bygda Ulvåg med folketeljinga 1920 som bakteppe. Hennar grep med å komplettere tørre tal frå folketeljinga med bilete og forteljingar om folk i bygda, kombinert med tidsbilete, er dyktig gjort. Ho legg bokstavelig talt kjøtt på beina. Ei kartskisse over bygda slik at vi også kunne fått eit romleg inntrykk, hadde vore prikken ...
 
Wilhelmine Larsen fra Ulvåg
 
Den beste leseopplevinga for meg er Pål Hadlers skildring av Hans J. Bjørnstad og hans interesse for bøker. Mange har eit bilete av Bjørnstad som ein fargerik oppsynssjef for lofotfisket, og det får vi stadfesta. I tillegg gir forfattaren oss et raust innsyn i Bjørnstads innhaldsrike og mangearta boksamling, og nære skildringar av kunstnarar som vitja heimen. Når så det heile er formidla med utsøkt språkleg eleganse, må det bli ein seksar!

 
 Husbiblioteket til Hans J. Bjørnstad står sentralt i Pål Hadlers artikkel. 
Foto: Pål Hadler.
 
Skolp 2022 har dessutan fleire interessante artiklar om næringsliv og samfunnsliv. Kjell Thore Sletteng skriv med innsikt om Lofoten Trafikklag frå starten som ferjeselskap i 1957, gjennom fusjonerte busselskap til eit integrert trafikkselskap for heile Lofoten – til det vart kjøpt opp av Nordtrafikk i 1999.  
 

 
Håkon Brun skriv om elektrifiseringa i Vågan frå den tida det heitte kraftverk, og Hans Chr. Størmer skriv om arealplanlegging på 1960–70-talet med bakgrunn i eigen diplomoppgåve frå arkitektstudiet. Årboka har òg fleire fine personskildringar, og eg vil nemne Torstein Viks artikkel om oldemor Berntine, og Håkon Bruns artikkel om gyllenlêrkunstnaren Signe Krystad.

Årbok for Vågan er blitt ei fin og interessant bok. Med eit fastare redaksjonelt grep ville det blitt endå betre: Somme foto manglar kreditering, og somme illustrasjonar kunne vore sløyfa mot at andre hadde fått meir rom. Opplagte feilskrivingar har sloppe gjennom, korrekturen er noko mangelfull, og mange ingressar kunne vore utforma meir medveten.

Av Inge Strand, Bokmeldarlauget

Årbok for Vågan - Skolp 2022
192 sider, innbundet, 19 x 25 cm. Opplag: 750.
https://www.vaganhistorielag.org
Pris, kr 260,-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar