torsdag 19. februar 2026

Årbok for Sørfold 2025

 Om liv og død i Sørfold 


Bokomslaget er prega av eit heimelaga flagg frå Kobbvassgrenda våren 1945. Sydd saman av stoff frå ein melsekk, ein sukkersekk og fallskjermsilke. Foto: Mariann Strømdal. 



Omtalt av Inge Strand, Bokmeldarlauget

Årbok for Sørfold kom i 2025 med utgåve nr. 47. Med eitt unntak har boka kome kvart år sidan 1978, og er såleis ei veteranbok i det lokalhistoriske miljøet i Salten.

       I 2025 var det 80 år sidan den tyske okkupasjonen av Noreg var over. Sørfold lokalhistorielag markerte det 8. mai, og Årboka følgjer opp med eit titals artiklar om okkupasjonstida. Mange lokalhistoriske miljø er svært opptatt av okkupasjonen, og av og til tykkjer vi i Bokmeldarlauget at det kan bli mykje oppatt det same. Men det treng ikkje vere slik. Det er årets bok frå Sørfold eit godt døme på.

       Temaet her er fangeleirar, fangar og vaktarar/kommandantar, der konkrete personar og hendingar blir dregne fram. Ein føresetnad for dette arbeidet ser ut til å vere meir kunnskap, lettare tilgang til kjelder, gode fagfolk og engasjerte skribentar. Det siste er særleg representert ved Grete Evjen Kristiansen, som har skrive dei fleste artiklane. Ho har oversyn, skriv godt og verkar energisk. Med elektronisk kommunikasjon, digitale kjelder og dyktige medarbeidarar har ho gått i djupna i tyske fangeleirar i Sørfold og kjem attende – ikkje med fangar, men med menneske, somme anonyme, andre med full identitet og presentert med sine kvalitetar. Vi har lenge høyrt om russiske fangar som laga kunstnariske tregjenstandar med enkle middel. Her blir vi presentert for biletkunstnarar og særleg ein, K.T. Lukanin, som det finst fleire arbeid etter i Sørfold. Kristiansen har nøsta opp tilværet hans i Norge og vore i stand til å følgje han etter heimkomsten til Sovjet, heilt til han døydde i 1984.


Akt av krigsfange og kunstnar Konstantin Lukanin. Fotografen er ukjend.

     Her er det på sin plass å nemne faglege hjelparar, som Narviksenteret og russiskfødde Tatiana Toresen. Ho bur på Gjøvik og har tileigna seg mykje kunnskap om forsvunne fangar og bygd eit omfattande nettverk for å finne dei. – Og Kristiansen presenterer henne for oss i ein eigen artikkel.
    Grete E Kristiansen gir oss òg ei skildring av kommandanten i Buvika leir, Frantz Göbel, kan hende den mest brutale og forhatte av leirsjefane. Vi må òg nemne Ivan André Abelsen og hans varme artikkel om sin attfunne bestefar, den sovjetrussiske krigsfangen Alexander, og Ole Henrik Fagerbakks artikkel om hjelpearbeidet i fangeleirane etter den tyske kapitulasjonen.

Etter 75 år fann Ivan A. Abelsen bestefaren sin, den russiske krigsfangen Alexander N. Gorbunov. – Ein DNA-test var unødvendig, meiner Ivan (t.h.). Fotoutlån: Ivan A. Abelsen. 

     Skulle eg våge ei innvending til dette materialet, måtte det vere den redaksjonelle handsaminga. Artiklane er spreidde i boka og gjer det unødig krevjande å samle inntrykka. Etter mitt skjønn ville det ha vore betre om alle artiklane hadde vore samla – med ei redaksjonell innleiing/ingress. Det kunne og letta lesinga og forsterka lesaropplevinga, særleg for dei som ikkje kjenner denne historia frå før.

 


Skisse over Gyltvik fangeleirområde, rekonstruert av elevar saman med lærar Heidi Zakariassen ved Kvarv skole.

Årboka er også fylt med anna interessant stoff av dyktige skribentar. Av plassomsyn er det berre rom til å omtale eit fåtal av dei.
    Leif Strømdal skildrar sakshandsaminga midt på 1960-talet som førte til vedtak om å bygge sentralskole i Straumen. Faren hans, Lars Strømdal, var ei drivande kraft i dette strevet. Han står fram som leiar for mindretalet i kommunestyret som ikkje ville at skolen skulle leggjast til Røsvik, og opptakten til artikkelen er arbeidet med ein anke til departementet om saka.
    Unge Strømdal er nyss vorte eigar av ein reiseskrivemaskin, og han blir sett til å vere sekretær for farens ankeformulering. Berre avbrote av påfyll av kaffe til ankeskrivaren skrir arbeidet fram …
    Denne ramma rundt artikkelen er elegant, og det legg òg ein dåm av humor over det djupt alvorlege saksforholdet. Noko anna er vel at årbokskribenten Leif Strømdal kan seiast å vere grundig ugild som son til aktivisten og den som førte anken «i pennen». Sjølv om han no og då løftar blikket frå tastaturet og serverer syrlege karakteristikkar av handelsmannen, soknepresten og distriktslegen, får denne meldaren inntrykk av at Strømdal er etterretteleg og gir, som han sjølv skriv: eit av fleire nokolunde sannferdige bilete av prosessen – som enda med skole i Straumen i 1968.

Harald Bjørknes har ein imponerande idrettskarriere og ei stor premiesamling. Foto: Astrid B. Dolmen.

 
    Idrettshistorie er godt årbokstoff. Georg Pedersen skriv grundig om IL Leirgutten frå starten i 1966. Han viser korleis dei med enkle midlar, fantasi og pågangsmot har greidd å skape eit godt idrettsmiljø utan store investeringar. Pedersen har òg skrive om skilegenda Oddmund Jensen (1928–2011). Han var fødd på Kvarv og var ein lovande skiløpar. Han flytta sørover i 1948, og dei godt vaksne mellom oss hugsar han som toppløpar på 1950-talet. Frå 1964 var han norsk rikstrenar. Vi får eit godt bilete av skiløparen i teksten, men eg undrast over at det ikkje har vore mogleg å illustrere teksten betre. Godt illustrert er derimot teksten til Astrid Bjørknes Dolmen om løparfenomenet Harald Bjørknes som har ei fabelaktig merittliste med ein løpt distanse under konkurranse tilsvarande 2,5 gonger rundt jorda. Om det ligg noko subtilt i tittelen til artikkelen «Løpegutten frå Kines», skal vere usagt …


    Heidi Zakariassen har skrive ein grundig og reflektert artikkel om svangerskap, fødsel og barsel i Sørfold gjennom 250 år. Ho tar føre seg kåra til mor og barn, haldningar og førestillingar, og helsestellet gjennom tidene. Ho skildrar òg tradisjonen ved barsel gjennom tidsrommet.

Tradisjonen med barsenggraut har halde seg lenge i Sørfold. Foto: Heidi Zakariassen.

 
    Zakariassens funn kan lesast i boka, så eg skal berre trekkje fram ei viss otte hos forfattaren om at romantisering av fødselen som naturleg og ufarleg kan auke risikoen for mor og barn – ved at fleire vel heimefødsel utan helsehjelp. Her saknar eg refleksjon om eit heilt anna utviklingsdrag: at stadig fleire fødande engstar seg for fødselen og ønskjer forløysing ved keisarsnitt. Eg tykkjer òg at det kunne vore fleire illustrasjonar enn det er funne rom til.
    Nemnast må også Marit Onstad Svendsens nære forteljing om eit år som lærar i Bonå som 19-åring på 1960-talet, ikkje minst fordi teksten er rikt illustrert. Det er eit sakn ved mange artiklar i boka at det er få illustrasjonar, eller at bileta ikkje alltid er utnytta optimalt. Når det ikkje finst foto, kan det vere ein god idé å ha ein illustratør for handa. Ei teikning av far og son Strømdal ville t.d. ha gjort susen!

 Svein Arne Pedersen har skrive om Palle Pedersens liv på sjøen med skøyta «Ørnes». Biletet viser Palle Pedersen (t.v.) saman med båt og mannskap. Fotoutlån: Svein Arne Pedersen. 

Årboka 2025 er ein lødig publikasjon. Her er det få lettvinte bidrag og lite fyllstoff. Det er etter mitt skjønn likevel rom for forbetringar i tillegg til dei som er nemnde. Ein ingress som innleiing til ein artikkel informerer lesaren kortfatta om innhald/problemstilling og fangar lesarens interesse. Saman med fleire informative og spenstige titlar trur eg det kan gjere fleir lesarar nyfikne og få fleire til å lese meir.

Og så minnar eg om at ein kort presentasjon av bidragsytarane både gir informasjon til lesaren – og er ein fin gest til skribenten.


Årbok for Sørfold 2025 

170 sider, innbundet 25,5*19,5 cm
Utgivar: Sørfold Lokalhistorielag
Pris kr 350,-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar