Meløyboka – vakker og kontroversiell
Omslaget viser Hornneset i oktobersol og er tatt av Dagfinn Kolberg
Omtalt av Inge Strand, Bokmeldarlauget
Meløy Historielag har levert den 37. utgåva av «Meløy Den stille fjerding». Som vanleg er boka lekkert utforma utan for tettpakka sider og med store, flotte bilete. Vi ser at redaktør Dagfinn Kolberg er fotograf. Årboka fyller 128 sider og er kan hende den i Salten som ligg nærast det klassiske årbokpreget med relativt lange tekstar om fortidige forhold. Boka er òg prega av at Meløy har lange tradisjonar med fiskeri, mens den rike industritradisjonen i Meløy i mindre grad er synleg. Halvparten av artiklane er skrivne av kvinner, men innhaldet er likevel dominert av menns verd.
Foreiningslivet er fyldig omtalt i årets bok. Seks artiklar fortel om politiske og religiøse rørsler, fråhaldssak og skyttarvesen. Somme av dei nøyer seg helst med å fortelje om det ytre ved laget eller foreininga; det gjeld Roy Nystads «Glimt fra avholdsarbeidet», som er nettopp det, og Erling Nystads forteljing om fråhaldshytta «Heimtun», som hovudsakleg handlar om planar for hytta og skadeoppgjer etter den tyske okkupasjonen av hytta. Kva hytta vart brukt til og om ho vart viktig for lagsarbeidet, får vi vite lite om.
Det blir mykje det same når Trygve Åsvang skriv om Halsa skytterlag 1945–60. Det blir høgtlesing frå møteprotokollen, og vi får vite meir om kassebeholdninga enn om aktivitet og prestasjonar på skytebanen.
Unni Torsvik skriv om Spilderens Socialdemokratiske Forening, som vart stifta i 1909 og har etterlate seg ein forhandlingsprotokoll for dei første par åra, i form av ei attbrukt kladdebok. Redaksjonen finn det like godt å referere heile protokollen …
Meir på heimebane verkar Torsvik å vere når ho skriv om Ten sing-arbeidet i Meløy. Ørnes var først ute med ten sing-kor i Nord-Norge, og Torsvik fortel levande om aktiviteten, om «stå-påarar» og om gleda og samhaldet rundt den kristne bodskapen i eit nytt og friskt uttrykk.
Lisa Kildal skriv om ei misjonsforeining på Mesøya. Ho har få kjelder, men evnar å skape ein tråd av kontinuitet i teksten med ei te-mjølkmugge, som vart utlodda på eit misjonsmøte i 1931 og framleis finst hos oldebarnet til vinnaren.

Meløy har ry som ein framståande
fiskerikommune. Fiskarar herfrå var med då den teknologiske utviklinga
av snurpefisket skaut fart. Biletet er frå ein artikkel i årboka om
snurparen «Gerd Anna», skriven av Lisa Kildal. Det er truleg frå 1955
under storsildfisket på Vestlandet då det vart gjort mange gode varp.
Fotoutlån: Willy Kildal.
Lisa Kildal er ein flittig skribent med fem bidrag til boka. Ho skriv godt om mange ulike tema, og i eit prisverdig oversyn bak i boka om bidragsytarane finn vi at ho har bakgrunn som journalist. Eg vel meg artikkelen om BIN, Bulder i Natten, Meløys svar på The Shadows. Plottet er då BIN i 1969 skulle delta på ein talentkonkurranse på Gravdal i Lofoten, med dei hinder og plager dåtidas kommunikasjonar kunne by på. Kva som hende og korleis det gjekk i konkurransen? Svaret finn du i boka.
Meløyboka er flink med å finne
gode illustrasjonar. Denne plakaten fortel mykje som eit foto ikkje
evnar. Foto: Dagfinn Kolberg
Hallvard Kristensen skriv om tre medlemer av Nasjonal Samling som vart internerte etter at leiaren deira, Vidkun Quisling, gjorde statskupp 9.4.1940. Dei vart brakt til Bodø og fengsla der, men vart sleppte fri då Bodø vart bomba 27.5. Ferda deira attende til Vassdalsvik er dramatisk, og så langt er dette verdt å lese. Men vi anar eit underliggjande motiv om å rehabilitere dei berørte; tittelen «Overgrep av norske myndigheter …» og omtalen av rettsoppgjeret etter krigen i hermeteikn seier det meste. Forfattaren hevdar òg at dei tre vart arrestert «uten lov og dom». Det er heilt greitt å kritisere rettsoppgjeret, men då må premissa vere klåre. Kristensen skriv ingen ting om stoda våren 1940 der våre område var under lovleg styre i nesten to månader etter 9. april, og der styresmaktene måtte vurdere om Quislings medløparar lokalt var ein tryggingsrisiko. Dermed er vi lesarar ute av stand til å bedømme påstandane, og det heile framstår propagandistisk. Kan hende har Kristensen rett i at interneringa var unødvendig. Svaret på det får vi ikkje gjennom slike tendensiøse innlegg som dette. Her manglar redaksjonelt grep.
Anne-Rita Kolberg skriv om Skihytta i Glomfjord med bakgrunn i at hytta fekk innpass i TV3s «Eventyrlig oppussing» i 2021. Kolberg går attende til starten i 1922 og gir oss eit riss av hytta si historie. Best er ho når ho fortel om eigne opplevingar frå livet på hytta, både som gjest og ung «servitør», følgd opp med flotte foto av hytteliv før i tida.

Rekvisittar kan vere gode tidsbilete.
Desse er frå artikkelen om Skihytta.
Foto: Dagfinn Kolberg.
Den beste leseopplevinga gir Finn H. Andreassen denne meldaren. Han skildrar ho «Frida i Hatten» på ein rørande måte. Med ståstad framfor ei gravstøtte sist sommar og sittestad på barndommens bibliotek teiknar han eit vakkert bilete av ei lita kvinne med stor interesse for litteratur, og med grenselaus omsorg for eigen familie og nabolaget.
Årets bok skårar høgt på layout og biletbruk, medan tekstredaksjonen har mykje å gå på. Lange sitat og faktaoppramsing skjerpar ikkje leselysten, og inntrykket mitt er at mange tekstar er publisert kritikklaust utan dialog mellom skribent og redaktør. Av føreordet kan vi ane at Dagfinn Kolberg er eineredaksjon, og det er forståeleg om ikkje alle redaksjonelle krav kan bli dekt. Det bør utgjevaren gjere noko med.

Til slutt i boka er det ein biletkavalkade om Meløy som nasjonalparkkommune. Dette biletet av reinsamling ved Storglomvtnet er tatt av Dagfinn Kolberg.
Meløy – Den stille fjerding
Årbok nr. 37
128 sider, innbunden 25,5 * 19 cm
Utgivar: Meløy historielag
Pris: kr 300,-
128 sider, innbunden 25,5 * 19 cm
Utgivar: Meløy historielag
Pris: kr 300,-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar