lørdag 4. mai 2024

FRA NORD - Nordkalottens billedhistorie 1550-1850

Fabelaktig biletreise på Nordkalotten

 Omtalt av Inge Strand, Bokmeldarlauget

Terje Øiesvold gav på nyåret 2024 ut bokverket «Fra Nord Nordkalottens billedhistorie 1550­1850» på Orkana forlag. Vel ein månad seinare døydde Øiesvold, knapt 75 år gamal. Utgivinga vart markert med eit godt besøkt bokbad i Stormen bibliotek.

Terje Øiesvold var lækjar og professor i psykiatri ved UIT/Norges arktiske universitet. I tillegg kjenner vi han som naturven, særleg frå tida som leiar for Folkeaksjonen Spar Saltfjellet frå slutten av 1970-talet og framover. Hans bibliofile interesse har ikkje vore så godt kjend. Ikkje di mindre har Øiesvold gjennom ein 20-årsperiode samla bokillustrasjonar og trykk om Nordkalotten til det som truleg var den mest komplette samlinga av denne arten og om dette området.

Samlingsbilete etter Johan Georg Krünitz (1794). Kolorert koparstikk. Samlingsbileta var sett saman av einskildmotiv til ein heilskap.

Ei lita bok av Øiesvold frå 2016: Bodø – et tohundreårsminne: i Anne Grønbech Sussemells fotspor (Forenkla forlag) kan vere ein forsmak på det som skulle kome. Boka byggjer på A.G. Sussemels minnebok og skildrar Bodin i tiåra før 1814, men forfattaren brukar òg element frå reiseskildringar etter utlendingar på reise i Nord-Noreg til å kaste lys over tidbolken. 

  

Fiske ved Vaage («Pesca di Vaage»). Illustrasjon frå den italienske utgåva av Leopold von Buchs reiseskildring 1817.

Tema for boka Fra nord er bilethistorie om Nordkalotten gjennom 300 år, i perioden 1550 til 1850. Kjeldematerialet er hovudsakleg henta frå bøker i forfattarens samling og mindre frå sjølvstendige kunstverk. Biletkunstnarane si interesse for det nordlege kom seinare, ifølgje forfattaren. Materialet er kronologisk ordna i 16 kapittel og gjerne knytt til ein særskild opphavsperson eller skildrar, som Olaus Magnus og Francesco Negri. Somme kapittel er topografisk eller tematisk ordna, som kapitla om Moskstraumen og om samiske folk. I tillegg til primærkjeldene har Øiesvold belagt framstillinga si med eit imponerande utval sekundær litteratur, og eg vurderer verket som eit vitskapleg arbeid.

Den gamle kyrkja i Hammerfest. Frå «Atlashistorique et pittoresque». Teikna av Auguste Mayer. Litografert av Jacottet og Bayot, og seinare handkolorert.

Det siste kapittelet omhandlar vitskap og kunst. Den franske naturforskaren Paul Gaimard leia tre vitskaplege ekspedisjonar på Nordkalotten rundt 1840. Det vitskaplege resultatet av ekspedisjonane er ikkje så imponerande, ifølgje Øiesvold, men historiske og litteraturhistoriske studiar frå ekspedisjonen, og ikkje minst dei storslegne plansjeverka, har kvalitetar som er vel verd å halde fram: Øiesvold siterer Nils M Knutsen/Per Posti (2002): «… det mest omfattende og mest praktfulle verk om Norge, det nordlige Skandinavia og Spitsbergen som noen gang er utgitt.» Øiesvold brukar mange av desse plansjane som illustrasjon, og han har umaka seg til å lage både biografi og bibliografi over publiserte bidrag etter desse ekspedisjonane.

Det fell for langt å ta føre seg alle kapitla i boka i denne meldinga. Eg vel å gå nøyare inn på eit kapittel som knyter handling til våre område.

Ei samling skrekkelege sjøuhyre inspirert av Olaus Magnus’ «Carta Marina» (1539). Frå Sebastian Münsters «Cosmografia» (1550).

Ludvig Filip var konge i Frankrike frå 1830. Før det levde han eit omskifteleg liv i eksil etter 1795 då faren vart avretta etter mistanke om forræderi og sympati for revolusjonen i 1789. I 1795 bestemte han seg for å reise gjennom Skandinavia, heilt til Nordkapp. Under reisa kom han til Bodin prestegård der han hadde opphald ein periode hos prost Erik Gerhard Schytte. Prestegarden var bygd i 1750 og presten Friis engasjerte den kjende malaren Gottfried Ezekiel til å dekorere rom i prestegarden. På eitt av desse roma skulle Ludvig Filip ha budd …

Då prestegarden seinare vart riven, vart eitt av dei dekorerte romma rekonstruert i ei ny bygning – og har sidan blitt nemnt som «Ludvig Filip-rommet».

Reisa til Ludvig Filip er vigd eit kapittel hos Øiesvold. Det er lite skriftleg materiale frå denne reisa. Historikaren Jorulf Haugen har skrive om prestegarden og Ludvig Filip-rommet i Nordland fylkesleksikon: «Om Louis Philippes reise og opplevelser i Skandinavia foreligger det ikke noen samtidig, troverdig beretning verken fra ham sjøl eller andre.» Det har han truleg rett i.

Like fullt greier Øiesvold til ein viss grad å rekonstruere Ludvig Filips reise. Han bruker litteraturen og ikkje minst biletmateriale frå andre ekspedisjonar, og viser samband med  andre ekspedisjonar, ikkje minst med Paul Gaimard nemnd ovafor, som naut godt av den seinare kong Ludvig Filips velvilje. Rekonstruksjonen er ikkje lytefri, men likevel truverdig. Forfattaren er ikkje kategorisk og prøver ikkje å gje inntrykk av at «slik var det»; meir at «slik kunne det ha vore».

 

Torghatten. Frå «Atlas historique et pittoresque». Teikna og litografert av Auguste Mayer, seinare handkolorert.

 Verket er ikkje berre ei bilethistorie. Det gjev – som vist – også spennande og nyttig real- og personalhistorisk informasjon. Rett nok i ein annan kontekst enn vi finn i tradisjonelle historieverk, og det verkar såleis som eit supplement og alternativt perspektiv på historia slik vi kjenner henne i historiebøkene. Bruken av biletmaterialet som kjelde for beretningane er kan hende det viktigaste elementet.

Boka gir også gode opplevingar, og her er det òg det rike illustrasjonsmaterialet som gjer arbeidet. Naturfenomen som Moskstraumen og nordlyset, naturformasjonar som Nordkapp og Sulisfjella formidla med den tidas blikk, er overveldande. Dåtidas menneske er skildra i fest og arbeid, og om det er nokon som lurar på korleis sjølve Djevelen ser ut? Du finn bilete av han i dette verket.

Sameleir. Frå «Atlas historique et pittoresque». Teikna av Auguste Mayer. Litografert av Bayol og seinare handkolorert.

«Fra nord» er ei praktbok i stort format. Illustrasjonane kjem til sin rett, og utforminga er tiltalande. Ein innbydande detalj markerer nye kapittel: venstre oppslagsside gir rom for eit tankevekkande sitat, prenta på ein nedtona illustrasjon. All ære til bokdesignaren!

Forfattaren takkar i føreordet ei mengd gode hjelparar, ikkje minst sine eigne barn, og han dediserer verket til sine noverande og framtidige barnebarn. Truleg ei medviten handling og ein raus gest frå han som kjende lagnaden sin. 

Nordlyset skapte då som no mektig inntrykk på dei reisande og er rikeleg representert mellom illustrasjonane i boka. Her frå «Atlas de physique». Teikna av Louis Bevalet og litografert av Himely.

Boka kan lesast frå perm til perm. Likevel vil dei fleste lese og studere kapitla i tilfeldig rekkefølgje. Somme vil søke etter område og personar, og då hadde det vore greitt med register over topografi og personar.

Det er den einaste innvendinga eg evnar å kome med til dette verket.

Utgjevinga er støtta av Norsk kulturfond og Nordlandsmuseet.

 

Omslaget er pryda med eit utsnitt av A.F. Skjöldebrands «Grotte ved Nordkapp» (1802), gravert av I.F. Martin og samtidig kolorert.

Fra Nord – Nordkalottens billedhistorie 1550 - 1850
491 sider, innbunde 30*24 cm
Orkana forlag 2024
Pris: kr 499,-

fredag 16. februar 2024

Årboka for Lofoten 2024

 Gamle og nye lofothistorier

 Omtalt av Jorulf Haugen, Bokmeldarlauget
 
Dag Sørli ga fra 1978 årlig ut Lofotboka; Magnus E. Eilertsen, en annen værøyværing, overtok redaktørvervet etter Sørlis død i 2012. Fra 2015 videreførte Eilertsen årboktradisjonen som redaktør og utgiver av Årboka for Lofoten. I forordet til årets bok vektlegger Eilertsen fotografiet som formidler av personhistorier og lokalhistorie: «Historiske bilder er et viktig bidrag til formingen av vår kollektive identitet», slår han fast. Årboka for Lofoten 2024 er utstyrt med en lang rekke fotografier – både svart-hvitt-bilder og fargebilder – som effektivt illustrerer de begivenheter som det fortelles om eller skildrer naturen hvor tildragelsene fant sted. Ettersom det dreier seg om lofotnatur, er resultatet et meget tiltalende bokverk skapt av dyktige fotografer og bokdesignere. Boka kan derfor sikkert fungere fint som suvenir til turister som kan lese norsk.
 
Forsidebildet viser Utsikt fra Håheia på Værøy. Foto: Kristian W./Shutterstock.com

Det første som møter deg når du begynner å bla i boka, er ei vakker tegning av lofotøyene med de viktigste stedsnavna. Redaktøren ønsker å dekke hele Lofoten. Det oppnår han ved i stor grad å gjenbruke stoff som tidligere har vært offentliggjort i lokalaviser som Lofotposten, Våganavisa, Lofot-Tidende og NRK Nordlands nettavis, men han har også fått tillatelse til å bruke artikler fra ukebladet Vi menn og Frelsesarmeens Krigsropet. Av bokas 14 artikler ser det ut til at bare seks er skrevet for Årboka for Lofoten.

Oddvar Berntsen - foto: Tor Sivertstøl
Den innledende og største artikkelen i boka er henta fra en av Oddgeir Bruasets bøker basert på fjernsynsserien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Et kapittel i boka, som ble utgitt i 2009, handler om «Den siste fra Kirkefjorden»,
Oddvar Berntsen, som døde i 2019, 89 år gammel. Bruaset skriver at lokalbefolkningen kaller den Kirkefjorden, mens det i kartbøkene står Kjerkfjorden. Ettersom lokalavisene i stor grad skrev om Kirkefjorden, ser jeg ikke bort fra at folk snakka om Kirkefjorden når de samtalte med NRK-kjendisen. Stadnamngranskeren Finn Myrvang mener at en rekke kjerke-navn i Sápmi har rot i det samisk kierké som betyr en stor, markant stein. I Kjerkfjorden ligger en markant stein, Sædingssteinen, som kan være opphavet til det fornorska Kjerkfjorden.

Etter i poetiske ordelag ha skildret Kjerkfjordens skapelsesberetning forteller Oddgeir Bruaset om to møter med mennesker og natur der inne, en gang om vinteren og en gang midtsommers da det er liv og røre med turister som på ulike tungemål kakler i munnen på hverandre fra et overfylt båtdekk: «Wunderschøn! Marvellous! Superb!» Men først og fremst leser vi om liv og helst død blant de slekter som fant sitt utkomme inne i fjorden der NRK-reporteren med mannskap første gangen «kom tøffande fram mellom dei kvitkledde kjempene og vart ståande tagale, i audmjuk undring over all denne venleik og villskap.»

Nicoles hus - foto: Jon Olav Larsen

Men redaktøren har også funnet fram til historier om utlendinger som har slått seg ned i Lofoten og på forskjellig vis er med og beriker lokalmiljøet. Polske Nicole Konkel har etablert seg på Ramberg i Flakstad sammen med sin mann Tomasz, som er mannskap på en båt fra Fredvang. Nicole lager små hus som pyntegjenstander. Hun har investert i båndsag og annet verktøy og lager husa blant annet av rekved hun finner i fjæra. Hun håper ifølge artikkelen i Lofotposten i november 2022 å lage en bedrift av sin spesielle hobby. Fotografiene viser iallfall mange fine, små «Houses for sale!» 31-åringen jobber på systua til vaskeriet på Storeidøya.

Den andre utlendingen er sykepleieren Ellen Greve fra Nederland som jobber i hjemmetjenesten. Ellen fikk fire barn sammen med gårdbrukeren Rolf Hartvigsen, som døde som 60-åring rett før jul i 2020. Ellen fungerer som dirigent for Strandlandet Sanglag på nordsida av Austvågøy. «- Jeg er blitt så glad i dette koret, og det er så fint å møtes hver uke. Det gir meg veldig mye å ha noe meningsfylt å gå til», sa hun til Våganavisa i mai 2023.

Ellen Greve t.h. - foto: Liv-K. Edvardsen

En vesentlig eldre artikkel gjelder lokalbåten «Røst» som angivelig var «En sliter i verdens hardeste kystrute». Artikkelen var skrevet av Ragnar Grant Stene og sto opprinnelig på trykk i bladet «Vi Menn» i november 1973. Ragnar Grant Stene døde i 2007. Lokalbåten «Røst» trafikkerte strekningen Bodø – Røst -Værøy – Vest-Lofoten - Svolvær fra 1959. Denne artikkelen er også et eksempel på at slike eldre artikler bør utstyres med fotnoter eller redaksjonelle etterord om hvordan historia fortsatte. Arkiv i Nordland kan fortelle at lokalbåten MS «Røst» ble pensjonert etter 16 års innsats i 1975 og ble erstattet av nybygget MF «Mosken» levert av Sandnessjøen Slip & Mek Verksted med plass til 12 personbiler og 120 passasjerer. «Røst» ble sletta fra skipslista i 1999 som forlist. Da hadde båten vært Panama-registrert og omdømt til Nordbrise, hvoretter den i 1990 ble registrert i Tromsø som Nordbris.

Gutta fra Værøy - utgiver Magnus Eilertsen t.h.

Jeg velger å avslutte denne omtalen med redaktør Eilertsens sjarmerende gjennomgang av «Den uforglemmelige klassereisen», altså hans ni år ved Værøy skole. De fire guttene som utgjorde klassens basis, kan neppe klage på den ballast de fikk med fra skole og oppvekst. 

Fra v. Roy Terje Andreassen, Roy Kjetil Nylend, Ronnie H. Torsteinsen,  Magnus Eilertsen. Foto: privat.

Årboka for Lofoten 2024
160 sider, innbunden 24,5 * 19,0 cm
Eilertsen Forlag v/Magnus Eilertsen
Pris: kr 379,-