Bygda med mange utkantar
Omtalt av Inge Strand, Bokmeldarlauget
Velfjord historielag har gjeve ut si 29. årbok, «Frå fjord til fjell», for fleire månader sidan. I tillegg ligg Velfjord langt utanfor det vanlege dekningsområdet for Bokmeldarlauget, men likevel finn vi det relevant å omtale denne boka. Grunngjevinga kjem vi attende til.
Årboka er i eit nett format og fyller 116 sider med stoff som gjer henne til ei klassisk lokalhistorisk årbok; mykje personalhistorie, kulturhistorie, rikeleg med stoff om busetnad i bygda og omtale av lokalt næringsliv. Somme artiklar tar utgangspunkt i samtida, men har gjerne eit tilbakeskodande perspektiv. Sjølvsagt er det forteljingar der skribenten fortel om seg sjølv, det er eit sjangertrekk. Men ulikt mange andre bøker er forteljarane i denne boka ikkje så prangande som vi ofte ser. Lik dei fleste slike bøker er godt vaksne menn i overtal mellom bidragsytarane.
Bureising var eit statsstøtta prosjekt for å gje leveveg for ei veksande befolkning i nedgangstidene etter første verdskrigen. Hans Langfjord er sjølv oppvaksen på eit bureisingsbruk og gjer greie for bakgrunnen for ei etter måten omfattande bureising i Velfjord, som då var eigen kommune. Og han tar for seg mange av bureisingsbruka i kommunen og familiane som bygde dei. Det var mykje slit, men Langfjord får òg fram von og oppfinnsemd. Samarbeid var heilt nødvendig; dei hjelpte kvarandre med å få fram støypesand til bruka, og somme stader vart det bygd sagbruk for å kunne skjere eige tømmer til byggjematerialar. Det hjelpte godt på. (Ill03)
Bureising i Velfjord i mellomkrigstida er tema i boka. Tunet på bruket Myrvoll er tidstypisk. Foto: Inga Langfjord.
Kombinasjonen av eigen kunnskap og diverse kjelder – ikkje minst foto – underbyggjer framstillinga, og ho er godt skriven. Det slår meg at dei 52 bureisingsbruka Langfjord omtalar, var med på å forsterke preget av Velfjord som bygda med dei mange utkantane.
Gangarlaget i Velfjord synest å vere ein institusjon. Det har i fleire år skipa til fotturar ulike stader i bygda, gjerne med ein kjentmann som fortel om staden og vegen dit. Hans Langfjord var kjentmann på ein slik tur i 2023, 92 år gamal, og i tillegg har han skrive ein artikkel i årboka om turen. Skildringa av turen blir som ei rammeforteljing rundt orientering om historiske stader og hendingar på turen, og i denne artikkelen er fisket i vatna langs ruta hovudtema. Les og bli klok!
Eit bidrag til boka i nesten same sjanger er Alf Trygve Nielsens artikkel «På sporet av Ol’ Tomså». Ol’ Tomså var same og deltok ofte på Tilremsmartnan. Ifølgje tradisjonen skulle han ha uttalt at «ifrå Tilrem å tell Tosbotne e da ei dagsreis». Nielsen ville teste om det var mogleg å gjennomføre turen på tilmålt tid, og la i veg saman med nokre kameratar. Undervegs skildrar han landskapet og knyt historiske hendingar til det, og ikkje minst blir vi betre kjend med Ol’ Tomså. Vi kan vel røpe at turfølgjet nådde fram i tide, men den store skilnaden var at Ol’ Tomså etter det som blir fortalt, bar ei langt drygare bør på turen.
Artikkelen er velskriven, og koplinga mellom dagens kultur- og naturlandskap og historiske hendingar er elegant gjort. Teksten er også rikt illustrert med foto.
Elling Meby har vakse opp i eit brevhus. Brevhuset var det lågaste nivået i Postverket og vart oppretta der det ikkje var landpostbod. Meby fortel om sine barnlege observasjonar frå Håkaunet brevhus der mor hans bestyrte; om posttransporten til og frå Hommelstø, om rutinane på brevhuset og om folk som hadde ærend der. Ikkje så reint sjeldan vart det ventetid, og då var kjøkkenet venterom der det gjerne vanka traktering. Meby set òg brevhuset inn i ein større organisatorisk og kronologisk samanheng, og gjev med det eit viktig innblikk i ein flik av dåtidas samfunnsstruktur.
Johan Arnt Groven kan representere dei som skriv om seg sjølv i artikkelen «Juletresalg og øreverk». I oppdrag for far sin skal den unge Johan levere juletre til kundar i nabolaget og greier samstundes å bli kvitt øyreverk. Groven evnar å skape eit plott av dette med gammelsparken og den lokale medisinmannen som hovudaktørar. Godt gjort!
Vi må også nemne innslag av og om unge velfjordingar. Mellomsteget ved Hilstad skole har undersøkt sider ved garden Aspåsen og folket der under temaet «Velfjord før i tida». Dei har besøkt den nedlagde garden og snakka med folk som har vakse opp der, og resultatet er blitt ein fin og godt illustrert artikkel ført i pennen av lærar Mona Sørhegge. Ungdomssteget har vore på elgjakt, og elevane har sjølv rapportert om det. Denne meldaren er i tvil om dei alle kjem til å bli elgjegerar, men poenget med begge desse innslaga er vel at dei skaper identitet. Eg er så fri å tvile på at elevane frå Hilstad skole kjem til å skjemmast av heimbygda når dei møter storsamfunnet.
Identitetsarbeid ser for meg å vere ein raud tråd for årbokarbeidet i Velfjord. Å kjenne historia si og vere stolt av henne er etter mitt skjønn eit viktig element i å bevare og utvikle bygdesamfunn – kan hende særleg i bygder som ikkje er eigen kommune. Det er åleine ein grunn til å trekkje fram denne boka. Det varierte innhaldet utan fyllkalk og med velskrivne tekstar er ein anna. (Ill07)
Layouten og biletmaterialet vil eg derimot setje fingeren på. Det er krevjande å få bileta godt fram i ei bok med så lite format. Mange liggjande foto er sett inn på ein spalte, og då er det vanskeleg å sjå detaljar. Bilettekstane er mange stader plassert på sida av biletet, og det stel òg plass frå bileta. Dessutan er mange bilete for mørke, og eg meiner det rett og slett er for mange foto i boka. Sideutforminga er i mine auge rotete, og boka verkar overlessa.
Eg saknar også info om bidragsytarane. Det er ein fin måte å kreditere dei på, og det fortel lesarane noko om bakgrunnen deira. Endeleg saknar eg kart! Mange artiklar får auka verdi når lesaren kan følgje t.d. omtalen av ein tur på eit kart.
Konklusjonen må bli at «Frå fjell til fjord» er ei flott bok, og at neste utgåve kan bli endå betre.
116 sider, innbunden 24,5*17,5 cm
Velfjord Historielag 2024
Pris: kr 350,-
Går det greit å bestille boka?
SvarSletthttps://velfjordhistorielag.no/kjop-trykksaker
SvarSlett