Omslagsbiletet
er frå «Heimkomst på Ytterstrøksnes», eit teaterstykke som vart framført under Festspillene
i Harstad 1997, der Sørfold var markeringsdistrikt. Foto: Marie Zakariassen.
Gamalt og nytt or Folda
Omtalt av Inge Strand, Bokmeldarlauget
Årbok for Sørfold har kome med ny utgåve. Kva nummer i rekkja det er, kjem ikkje fram, men det må vere langt opp på 40-talet. Årets bok fyller 160 sider med variert stoff i tid og rom. Likevel står to tema fram som meir markant enn dei hine; Skolar og skolegang i Sørfold, og Lokalhistorielaget si 50-årsmarkering.
Ungdomshuset
til UL Fossen i Sørfjorden vart også brukt til skole. Foto: Evelyn Sjøgård
Pettersen.
Skolebolken blir innleia med eit innlegg i Norsk skoletidende 1905 med støtte til innføring av blyant og papir i skolen i staden for steintavler – med eit hint til ein pågåande skoledebatt.
Leif Strømdal skriv om Strømdal skole, som han sjølv var elev på i si tid. Strømdal går kronologisk til verks og gir oss også ei grundig innføring i fasilitetar på skolen som utedo med vedskjul, «manuell» drikkefontene, raudglødande vedomn med skjerm framfor for å skjerme elevar nær omnen frå å bli «steikt», og ikkje minst: skolebiblioteket, som var forfattaren sitt skattkammer. Skildringa når truleg oss som har opplevd slikt, best, men kan òg vere ei påminning til oss alle om at det ikkje berre er steintavlene som er avskaffa …
Ann-Kathrin Finneid tar oss med på ei stemningsreise med foto til gamle skoler i Sørfold, og denne meldaren nikkar til forfattarens påvising av at eit bilete kan fortelje meir enn tusen ord.
«Oddbåten» var eit vanleg innslag i kvardagen som skoleskyss for skoleungar i Aspfjorden og på Aspeneset. Foto: Lyder Kvantoland.
Ole Henrik Fagerbakk ser på skolevegen til elevane på 1950- og 1960-talet. Det er ei original vinkling og gir sjølvsagt innsikt i langt meir av skolekvardagen enn berre skolevegen. Å la tidsvitne fortelje med eigne ord, gjer forteljinga rikare.
Ikkje alle elevar kunne bu heime under skolegangen; somme måtte bu borte når dei var på skolen – heilt frå sjuårsalderen, Fagerbakk fortel om ei jente som sprang ut i hosslestane; ho ville heim til mamma. Fleire spanande beretningar les du i Årboka.
Heidi Zakariassen skriv innsiktsfullt om Lokalhistorielaget sine første 50 år. Laget viser ei imponerande breidde i verksemda si i perioden. Husmannsplassen Kjelvik har nok hatt ein spesiell plass, også etter at Nordlandsmuseet overtok drifta.
Sørfold Lokalhistorielag markerer 50-årsjubileum, og husmannsplassen i Kjelvika har vore ein raud tråd i lagshistoria. Foto: Marie Zakariassen.
Okkupasjonstida sette kraftige spor i Sørfold, og Lokalhistorielaget har gjort mykje for å bevare og – ikkje minst – formidle desse spora. For mange er det kan hende overraskande at Sørfold har vore så sterkt vend mot sjøen, men det får vi sterke vitnemål om i denne artikkelen.
Zakariassen reflekterer over Lokalhistorielaget si gjerning og framtidige oppgåver og konstaterer (tilfreds?) at merksemda har flytta seg frå å bevare og konservere til å forvalte og formidle – utan å tape vernetanken av syne.
Heidi Zakariassen har òg skrive om RF Varelden på Kvarv. Rimeleg langt frå stritt hav og forlis, men likevel med sterkt engasjement for redningssaka arbeidde kvinnene her for å skaffe pengar til Redningsselskapet. Foreininga rundar i år 70 år, så det er ikkje snakk om ei døgnfluge heller.
Redningsforeninga Varelden på Kvarv har markert 70-årsjubileum, og vi markerer med blide medlemer på landsstemne i Redningsselskapet i 1991. Foto: Marie Zakariassen.
Forfattaren skildrar livet i foreininga på ein levande måte og har òg eigne minne som lita jente; mellom anna duft av velkokt kaffi og ange av ymse typar «godlukt» som medlemene bar med seg.
Zakariassen skriv også her reflektert om arbeidet i foreininga og motivasjonen til kvinnene. Ho meiner å sjå at det også var andre behov enn å arbeide for ei god sak; kvinnene trong ein møteplass når mannfolka var borte på arbeid, og for mor hennar var redningsforeininga ei redning og eit tilvære i kvardagen. Berre det å møtast bidrog til trivsel, og det førte i sin tur til endå sterkare innsats for Redningssaka, materialisert ved at foreininga framleis bidreg årleg med 30 000 kroner til å halde redningsskøyta i Bodø operativ.
Heidi Zakariassen er ein skribent i særklasse i Årboka.
Urpremieren på filmen ‘Sau’ er sjølvsagt ei sak for Årboka med omtale av sentrale personar både framfor og bak kamera, og frå visninga i Mørsvik. Men kva med Terje og Ann Katrin, gamlingane på Nystadbakken? Dei hadde fortent merksemd, dei med.
Fleire artiklar kunne vore omtalt, m.a. Karin Hennie Bjørlo og Kjell Israelsen sine forteljingar om barndom i grenda Tennvatnet, og Tatiana Thoresens historie om russefangen Zakhar Lugovsev. Men eg rår publikum til sjølv å lese og bli klok.
Årboka har fortenestfullt fått med stoff om det samiske Folda, her representert med gammen på Sommarfjellet. Foto: Birgit Karlsen Eira.
Årbok for Sørfold innbyr til lesing med ein layout som ikkje er for tettpakka. Men denne meldaren ser fleire grep som kan gjere henne endå betre. Mange bilete i liggjande format er pakka inn på ein spalte og taper både illustrasjons- og informasjonsverdi. Sidene er sett i ein streng tospaltar, men ville etter mitt skjønn ha tent på ei oppmjuking. Såleis ville ein meir fleksibel spaltebruk og større bilete kunna fylle ut somme artiklar som har ledig plass på siste sida.
Å finne bilete til historisk stoff er ikkje alltid lett, og kvaliteten kan vere så ymse. Somme av bileta i Årboka kunne blitt betre med litt «fotoshopping» …
Det er viktig å ha låg terskel for stoff til ei årbok. Men det er ein pen skikk å heve den terskelen monaleg før stoffet kjem på trykk. I soga om «Arthur Nikander og kniven» dukkar kniven først opp heilt til slutt, og i ein elles leseverdig tekst om eit bilete frå ein utflukt, får vi servert biletet som eit vedheng til teksten. Dette kunne redaksjonen ha gjort betre.
Årboka
markerer at mangeårig redaktør Ulf Strøksnes gjekk ut av i historia, 70 år
gamal. Foto: Saltenposten.
Vi saltværingar slit med å uttale trykklett -e i slutten av ord. Det går ut over stadnamn som endar på -fjellet og -vatnet – det blir gjerne ‘fjell’ og ‘vattn’, men i skriftleg form må det t.d. vere Tennvatnet. Å vere merksam på slike forhold er etter mi meining ein viktig del av redaksjonelt arbeid, og her har redaksjonen eit stykke å gå.
La likevel ikkje mine merknader skugge for at Årbok
for Sørfold 2024 er gjennomarbeidd og bidrar godt med ny kunnskap om Sørfolds fortid
og samtid.
Årbok
for Sørfold 2024
160 sider, innbunden 25,5*19 cm
Sørfold Lokalhistorielag 2024
Pris: kr 350,-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar