fredag 19. desember 2025

Saltdalsboka 2024-25

 

Den grafiske utforminga av omslag og innmat er utført av Bengt-Arne Sundsfjord.

Saltdalsboka er oppe og går

Saltdalsboka har tradisjonar attende til 1980 med den legendariske kultursjefen Arild Steen Ellefsen som redaktør. Seinare kom Liv Krane med, og heile tida var Saltdal kommune utgjevar. Utover på totusentalet kom boka meir ujamt, og i 2016 tok Saltdal historielag over redaksjonen og gav ut ei bok som heilt og fullt var vigd Vensmoen gjennom 100 år.

Sidan får vi inntrykk av at redaksjonen har leita seg fram til ein ny redaksjonell plattform; i 2019 og 2020 kom boka som biletbok, medan ho i 2023 og 2025 har kome som toårsutgåver i meir tradisjonell årbokstil.

Saltdalsboka 2024/2025 markerer at Saltdal historielag runda 30 år i 2024 og gjer det med ein kavalkade over hendingar og oppgåver i laget gjennom tidbolken. Den gir lesaren eit resymé over verksemda, men eg saknar nokre meir utfyllande omtalar også.

Harald Bakke har fortalt om ein tur til Sulitjelma med Drageid blandakor i 1944. 
Det var til tider strabasiøst, men humøret var godt. Foto: Else Furubotten.

Saltdal vart sterkt merkt av krigsmånadene i 1940 og fem år med tysk okkupasjon. Det tyske felttoget gjekk gjennom bygda, og seinare var tusenvis av austeuropeiske krigsfangar i ei rekkje leirar sett til tvangsarbeid hovudsakleg på veg- og jarnvegsarbeid. Svært mange av dei vart drepne eller omkom, og meir enn 1500 er gravlagde på Botn krigskirkegård.

Det er såleis forståeleg at minna frå perioden 1940–45 sit sterkt og blir spegla i boka. Åtte av artiklane er direkte eller indirekte knytte til krigstida. Somme av dei er historier sett med barneauge, og eg vil trekkje fram Ludvik Pedersens minne frå barndomen. Frå skolestua på Sundby kunne ungane følgje med på det som passerte  utanfor. Fangekolonner på veg til arbeid og fangar som vart sende på vedhogst i djupsnøen. Ein dag høyrde dei at ein var skoten, og at medfangar hadde drege han fram til vegen. – Vi så godt tuppene på treskoene som stakk opp av snøen.

Men det militære nærværet kunne òg by på spennande opplevingar for fryktlause gutar. Å henge med spark etter tyske lastebilar var populært, men då ein tysk offiser bokstavleg talt vart meia ned, var det ikkje lenger så artig. Det kan du lese meir om i boka … Å naske frå tyske forsyningslager for å bygge vegar, bruer og annan infrastruktur på den lokale leikeplassen, var òg ein spanande ungdommeleg sport.

Å lese og forstå korleis ungar opplevde okkupasjon og unntakstider er framleis absolutt innafor i ei lokalhistorisk årbok. Denne meldaren er derimot mindre velviljug til omtale av etterretningsorganisasjonen Sepals som verka for 80 år sidan når han dessutan alt er omtalt i Saltdalsboka 2008. Då nærmar vi oss dyrking av okkupasjonstida.  

8. mai blir minnet etter ofra frå Blodveien markert. Korset på biletet er reist av lokalbefolkninga på staden der angar vart avretta.  Foto: Ulf Bakke. 

Å vere vertskap for kjenslevare kulturminne frå krigstida er krevjande. I årets bok blir det orientert om «Minnekulturfond Blodveien» som vart etablert i 2022 og har til føremål å bevare minnet etter krigsfangar frå Vest-Balkan i Norge. Dei siste to åra har fondet markert dette minnet i Botn på 8. mai, og vi blir tankevekkjande opplyst.

Portrett av interessante menneske høyrer med i denne sjangeren. I Saltdalsboka er det to slike artiklar. Svein B. Bjerkeng skriv om foreldra sine, Sverre og Brynhild Bjerkeng. Og la det vere sagt at «unge» Bjerkeng evnar å skildre foreldra med varme og respekt, men likevel med ei armlengd avstand. Han skildrar ein vanskeleg oppvekst for faren i Indre Troms, der han i første omgang ikkje fekk realisert draumen om å bli finsnekkar. Men det ordna seg; Han kom inn på Statens husflidsskole Blaker, og etter end utdanning fekk han arbeid som snekkarlærar i Saltdal. Her møtte han Brynhild – og gjer seg fortent til å bli omtalt i Saltdalsboka.

 

Båtbyggjarlina ved Saltdal yrkesskole var ein viktig del av livsverket til Sverre Bjerkeng. 
Foto: Saltdal kommunes fotoarkiv.

Livsverket til Sverre Bjerkeng er framveksten av ei kommunal arbeidsskole i trearbeidsfag på Røkland i 1943, som sidan vart Saltdal heimeyrkeskole med båtbyggarline frå 1948 til det i 1978 vart ei mykje utvida yrkesline ved Saltdal videregående skole. Heile tida med Bjerkeng som leiar og inspirator.

Forfattaren rundar av med eit nøkternt familiært innsyn der andre sider hos faren og – ikkje minst mor Brynhilds rolle blir dregen fram, og artikkelen er godt illustrert med foto frå det meste av livsløpet deira. Ein artikkel til ettertanke.

  

Brørne Terje og Asbjørn Skavold fortel om oppveksten sin på Setså i 1930-åra. Arbeidet på klippfiskberga var ein spennande del av barndomen. Foto: Harald Skavold.

Det andre portrettet eg vil nemne, er Knut Albinussen/Bengt-Arne Sundsfjords omtale av «Skilegenden Kåre Albinussen». I ingressen opplyser forfattarane at Kåre Albinussen er omtalt i ni gonger tidlegare i Saltdalsboka, men det står tydeleg mykje att. Han er ein av fleire saltværingar frå gullalderen til skisporten i mellomkrigstida, og vi møter ein friskus som kom seg fram mykje med eigne krefter, men som òg vart hjelpt med pengeinnsamlingar for å kome seg til viktige renn.

«Kongsbergknekken» var rådande stil hos hopparane på den tida, men Albinussen la seg meir framover på skia – slik finnane gjorde seinare. Det førte til at han vart bortdømt i somme renn, ifølgje forfattarane. Men somme dommarar hevda at «dette var framtida» - og slik vart det. Albinussen og Sundsfjord skriv lett og godt, les sjølv.  

Saltdalsboka har eit par spesialitetar: Den eine er å bruke gamle postkort med lokale motiv. Dei formidlar ein dåm av det gamle Saltdal, men eg ser ikkje poenget med å publisere tekstsida av korta. Det er gjerne personlege helsingar som var meint for privatsfæren, og som bør bli respektert for det.

  

  Gamle postkort kastar lys over historia. Her frå Rusånes. Utlån: Per O Andreassen. 

Den andre er å presentere gamle bilar i Saltdal i samarbeid med den lokale Amcarklubben, og med ein kortfatta historikk om bilen og eigaren/-ane. Ein fiffig idé om ei side av historia som også kan utvide lesarkrinsen.

Redaksjonen har også ansvar for utforminga av omslag og boksider, og det er etter mitt skjønn dyktig gjort. Bileta får stort sett romsleg plass, men somme gamle foto kunne vore «fotoshoppa» og gjort skarpare. Sidene er sett opp med to spalter på ei relativ lita bokside, utan å bruke orddeling. Det fører til mange blanke rom, og gjer etter mitt skjønn teksten mindre leseleg. Mellomtitlar bør også gjerast meir meiningsberande enn dei er i denne utgåva. Som i dei fleste publikasjonar av dette slaget er det òg rom for betre korrektur og språkvask. 

  

Nausta i Saksenvik blir dokumentert i eit nytt bokverk. Les meir om det i Saltdalsboka. Foto: Ulf Bakke. 

Vi saknar ein presentasjon av bidragsytarane. Det er ein fin gest til grasrota i lokale årbøker.

Saltdalsboka 2024/2025 formidlar interessant og nyttig kunnskap om Saltdal, og vi ønskjer lykke til med nye (årlege?) utgåver. Då vonar vi òg å finne fleire skriveføre kvinner og fleire omtalte kvinner.

Saltdalsboka 2024/25 

134 sider, innbundet 26*19,5 cm
Utgiver: Saltdal Historielag 2025
Pris kr 350,-
 
Avisa Nordland 19. desember 2025

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar