mandag 12. desember 2022

Årbok for Hamarøy 2022

Smakfullt fra Hábmer

Omslaget til Årbok for Hamarøy er henta frå 
Erik Dahlens fotomontasje frå lofotfisket i 1972.

Hamarøy historielag har levert 35. årgang av Årbok for Hamarøy – heilt sikkert til stor glede for lesarskaren. Årboka er i A4-format og er inndelt i ei dominerande avdeling med historiske artiklar, ei «jubileumsavdeling» med foto og tekster frå året 1982 og ei kavalkadeavdeling for det siste året. Dei siste ni sidene er fylt med støtteannonsar frå lokalt næringsliv. Årboka har eit nært samarbeid med NordSalten Avis, som leverer kavalkadebileta, og ved at Frode A Elsbak i avisa har ansvar for grafisk utforming av boka. Og la det vere sagt med det same: formgjevinga er etter mitt skjønn særs vellykka. Det store formatet gir godt rom for bileta, og sidene er gjennomtenkt og smakfullt sett opp.

Nesten hundre kavalkadeinnslag syner at det er stor aktivitet i kultur- og næringsliv i Hamarøy, og eg noterer at to hamarøyværingar runda 100 år i 2022.

 

Søstrene Berit og Wenche Lesniak på Hamarøy. 
Ukjent fotograf, utlån: Berit Lesniak.

Artiklane spenner over eit vidt område, både tematisk, kronologisk og geografisk. Sjølvbiografiske tekstar høyrer med i årbøker, og dei finst her òg. Berit Lesniak har skrive ein, og ho evnar å bruke sin rolle i fortellinga til å trekkje inn eit stort persongalleri og gjere lesaren kjend med dei. Lesniak skriv om sitt møte med Hamarøy 2½ år gamal, då mor og to døtrer flytta hit, og om nokre viktige påfølgjande år i eit barns liv. Forteljinga er spekka med opplevingar og skildringar av eit barns møte med nye omgjevnader, men også om dramatikk som følgje av den kalde krigen – og forfattaren sine refleksjonar som vaksen. Teksten er rikt illustrert.

Anne Tømmerdal skriv om sjømannen Helge Gurendal som omkom i Aden i 1955. Forteljinga kan kanskje verke litt ordinær, isolert sett, men når vi les den påfølgjande artikkelen av Tove Skjelbakken, forstår vi samanhengen. Skjelbakken hadde besøkt Jemen som del av eit helseteam, og etter mykje om og men greidde ein venleg kyrkjeverge å finne grava til Gurendal. Dermed vart ringen slutta på eit vis …

At foto kan fortelje historie, er Erik Dahlens montasje frå lofotfisket i 1972 eit godt døme på. Korleis den unge jagarflygaren frå Bergen hamna på lofotfiske, er ei anna historie som du finn svaret på i teksten …


Sjøkart frå 1952 markerer lykta på Åsvikklubben på Korsnes.

Fleire artiklar i årboka kastar lys over lokalhistoria. Eyolf Apold held fram ein serie om sjømerke i kommunen og tar føre seg den nordre delen av kommunen og vestsida av Tysfjorden i år. Apold går grundig til verks og syner korleis lokal dampskipsfart tvang fram betre seglemerking i området, og han omtalar inngåande etablering av lykter, stakar, støtter og båkar langs leia. Store, illustrative og til dels vakre foto utfyller teksten. Denne meldaren saknar eit oversynskart som viser merkene i samanheng.

Apold har fleire gode artiklar i boka, og eg vil nemne «Et tragisk forlis for 150 år siden». Med samtidige aviser som kjelde skildrar Apold eit dramatisk forlis i Vestfjorden vinteren 1871 og ein heroisk redningsaksjon. Med aviser tilgjengeleg på Nasjonalbibliotekets nettside opnar det seg eit vell av søkbar informasjon, og Apold har funne han – og brukar han. Resultatet er blitt ein spennande og informativ artikkel. Etter mitt skjønn ville han ha blitt endå betre om forfattaren hadde rekonstruert hendingane med eigne ord i staden for å sitere lange utdrag frå avisene.

Hábmer har ein rik samisk tradisjon, og Årboka formidlar den. I årets bok fortel Børge Strandskog om eit samisk innslag under Nord-Norges Varemesse i Bodø sommaren 1937. Dei to reineigarane Nils og Johan Kalstad vart invitert til å etablere ein sameleir ved Turisthytta på Rønvikfjellet. Med 15 rein, lavvoar og anna utstyr vart «lappeleiren» på Rønvikfjellet ein suksess. Strandskog skildrar også ferda med reinflokken til Bodø. Her er aviser også ei god kjelde til hendingane, og vi skulle tru at Kalstad-brørne hadde kommunikasjonsrådgjevarar: Eit to sider stort oppslag i Nordlandspostens lørdagstillegg skildra den strevsame ferda til Bodø. I ein oppfølgingsartikkel skriv Strandskog om Nils Skogly, som skreiv dagbok under besøket på varemessa. Fiffig gjort! 

Søstrene Kaia og Inga Pedersen var omvisarar i sameleiren under varemessa i Bodø i 1937. Ukjent fotograf, utlån: Marita Mikkelsen (Tysfjord før, 2016).

Svein Skarvik har skrive om «Båtbygger Bjarne fra Sørkil». Eg trekkjer fram denne artikkelen fordi forfattaren i ein relativt kortfatta tekst får fram ein god presentasjon av båtbyggjaren og handverket hans, og fordi biletbruken hans dokumenterer teknikk og utføring forbiletleg, og utfyller teksten på ein flott måte

 

Bjarne Kaspersen forklarer korleis ein pram blir bygd. Foto: Svein Skarvik.

Årboka har mange fleire artiklar som burde vore omtalt. Eg vel to: Lars-Signar Strindberg skriv om livet på garden Strindberg under okkupasjonen 1940–45. Delar av våningshuset på garden vart rekvirert av okkupanten, og Strindberg skildrar «samlivet» mellom partane på ein nøktern og truverdig måte, og han har òg funne relevante illustrasjonar. Godt arbeid.

Idar Sørensen skriv om ein tur med historielaget til Korsnes, ytst i Tysfjorden. Omtalen av turen blir ei rammeforteljing til det som er det eigentlege temaet; historia til garden og handelsstaden Korsnes. Korsnes låg tidlegare i Tysfjord kommune, og det er truleg sterke kjensler, også for Årboka, å handtere forhold som for få år sidan låg i nabokommunen. Mi oppfatning er at Årboka og Sørensen har balansert det fint.


 

Årboka har mange flotte foto, som dette frå Straumvatnet. Frå Sigmund Andreassen: Historier frå Straumen. Ukjent fotograf, utlån: Karen Apold Gårdvik.

Årboka har tidlegare fått kritikk for underdekning av kvinnestoff. Det har redaksjonen under leiing av Eyolf Apold tatt til seg. Årets utgåve har ei rekke kvinner mellom forfattarane. Framleis er nok kvinners liv og verke noko underrepresentert, men årboka sett under eitt, framstår som balansert. Merksemda om det samiske verkar òg å vere godt integrert.

Skulle eg sette fingeren på noko, måtte det vere mangelfull kreditering av fotografar og fotoleverandørar. Og så ønskjer eg meg fleire kart.

Av Inge Strand, Bokmeldarlauget
 
Årbok for Hamarøy 2022
120 sider, heftet 25,5 * 19 cm
Hamarøy Historielag 2022
Pris kr 250,-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar