tirsdag 25. oktober 2022

Fauskeboka 2022

Leiestjerne med tapt glans?

 Jostein Hunstads foto av gaupe og lam pregar framsida til Fauskeboka 2022.

    Fauskeboka har sidan Fauske Slektshistorielag overtok ansvaret, og særleg sidan 2015, utmerka seg blant lokalhistoriske årbøker i Salten. Rik variasjon, imponerande omfang og grundig arbeid frå både skribentar, illustratørar og redaksjon har prega boka. Årets bok føyer seg på mange måtar inn i den gode tradisjonen, men for meg framstår ho mindre gjennomarbeidd enn før. Det kjem vi attende til.

    Fauskeboka spenner vidt, både i tid og rom. Heile kommunen er tilgodesett, og tidsspennet er frå jarnalder til vår tid. 

    Mellom eit trettitals artiklar vil eg trekkje fram eit knippe. Veteranen Cato A. Hultmann skriv om Karl Sigurd «Kal» Johansen, ein av mange lovande skiløparar frå mellomkrigstidas Sulis. Han skildrar Kals skikarriere frå friske spretthopp i barndommen til toppen av karrieren i skibakken då han vann kongepokal i eit landsrenn i Saltdal i 1921. Men Hultmann greier på meisterleg vis å flette skiløparen inn i dåtidas Sulis, med oppvekst i Såki, Anna og Jakobsbakken, og med skildring av ulike miljø med Kal som vegvisar – utan å miste tråden. Gode foto fyller ut ein god tekst.

Kjell Sture Hugaas har skrive om det siste toget som gjekk frå Sulis 22.6.1972, då gruvestaden vart tømt for bilar. Etter ferien kunne folk køyre heim på ein provisorisk veg. Foto: Ole Mjelva.

    Ei anna personskildring eg vil trekkje fram, er Inger E. Håkestads innsiktsfulle artikkel om forfattaren Sissel Solbjørg Bjugn, som budde ein tiårsperiode i Sulitjelma. Håkestad fortel om livet til forfattaren og hennar litterære produksjon, men set særleg søkjelyset på Solbjørg Bjugns forhold til gruvesamfunnet og gruvearbeidaren. For å kunne skrive om gruvearbeidet insisterte ho på å få observere arbeidet på nært hald, og ho fekk vere med ned i Grunnstollen. Resultatet vart boka Spenn beltet kring livet og hald lampa tend! Sissel Solbjørg Bjugns liv var ikkje noko glansbilde, og Håkestads skildring er open og truverdig.

    Ein heilt annan sjanger er Bjørn Erik Stemlands prolog til eit slektsstemne på Stemland. Denne prosaiske meldaren lar seg imponere av den fortetta historieskrivinga i bunden form, som på fire sider evnar å samle Stemlands historiske trådar.

    Eg vil også nemne Gunn Lisbeth Pedersens artikkel om Fauske kommunale ungdomsklubb, som vart lagt ned i 2021 etter 37 års drift. Forfattaren er insider, men greier likevel å skrive nøkternt og balansert om klubbens aktivitetar og utvikling. Eg fann ikkje eit einaste «jeg» i teksten! 

Kart er ofte ein naudsynt illustrasjon til teksten. Dette er frå Truls Bringslimarks artikkel om flyktningar under andre verdskrigen. Kjelde: nibo.no/TB.

    Den mest spektakulære artikkelen er tvillaust Jostein Hunstads «Gaupa og lammet», med eigne bilete frå då ei gaupe angreip eitt av forfattaren sine lam. Hunstad fortel lett og ledig om å være sauebonde. Det blir ramma rundt den dramatiske opplevinga fredag 13. då han vart vitne til ei gaupe som jaga eit lam, og der eit kremt frå Hunstad var nok til å hindre gaupa i å drepe lammet – alt mens han fotograferte seansen. Å være så iskald i ein slik situasjon verkar utruleg. Å miste husdyr er alltid tungt, og di meir imponerande er det at Hunstad verkar å ha respekt for «konkurrenten».   Eitt av Hunstads foto prydar også omslaget til boka.

    Steinar Mathiassen har gjort eit imponerande kjeldearbeid i sin 36 siders rikt illustrerte artikkel om Finneids historie. Men forfattaren kjem i skade for å gjere teksten unødig tunglesen med ein flom av overflødige detaljar. Her kjem vi inn på det vi i fleire samanhengar kan ane: redaksjonen sitt manglande nærvær i arbeidet med å foredle tekst. Ein så omfattande tekst om eit interessant tema hadde fortent større merksemd frå redaksjonen. Artikkelen har òg falle ut av innhaldslista.

Litt av det same kan vi seie om Espen Johansens artikkel «Ti år siden Fauske var vertskap for NM». Tittelen indikerer for meg at vertskapsrolla er sentral; at planlegging, gjennomføring og publikums rolle – som ikkje får så mykje merksemd der og då – skal bli kreditert. Det gjer Johansen, men det blir svært overflatisk. Teksten er springande, og forfattaren fell i freisting til å trekkje på stjernene i skiløypa, både i tekst og illustrasjon. Utstrekt bruk av presens i skildringa av fortida fungerer etter mitt skjønn dårleg. Heile artikkelen ropar på betre dialog mellom forfattar og redaksjon.

 

Mykje folk følgde renna under NM på ski på Fauske i 2012. Foto: Espen Johansen.

    Fauskeboka 2022 har god balanse mellom kvinner og menn i skribentkorpset, og vi legg spesielt merke til Guri Kristiansen som skriv lett og ledig om ulike tema. Brigt Kristensen skriv del tre om han Johan Persa og hans tid, denne gongen om handel og anna verksemd i den gryande Gata – og om Johans religiøse vekking. Her skriv Kristensen seg sjølv inn i historia med sin religionskritikk som ein parallell til forfaren sitt brot med statskyrkja. Det er elegant gjort, men kan hende litt «påklistra»? Birte Lykkegaard skriv om småbrukarlag i Fauske, der det første laget i Nordland vart skipa i 1913. Ho skildrar rørsla både generelt og gjennom einskildpersonar, og drøftar kvifor småbrukaren i Fauske har vore så profilert. Forklaringa ligg mykje i Sulitjelma, meiner ho. Mange arbeidarar pendla til og frå bustad utanfor gruvebyen, og heimen var ofte eit lite gardsbruk. Ideologisk vart bergverksbonden påverka både frå fagforeiningsarbeid og kooperative verksemder. Lykkegaard har sjølv vore sentral i rørsla, men unngår å framstå som emissær. 

 Petter Dahlberg fortel til Guri Kristiansen om då han var åtte år gamal. På biletet frå hytta ved Kvitblikkvatnet er han atskilleg eldre. Foto: Kjell Bakken.

    Årets bok er nr. 42 i rekka, fyller 216 sider og er utgitt av Fauske historielag etter at Slektshistorielaget har endra namn. Redaktør er Kjell Sture Hugaas. Heilskapen ved boka blir etter mitt skjønn skjemt av mangelfull korrektur og lite konsekvent skrivemåte av bedrifts- og stadnamn. Somme titlar er for lange og inkjeseiande. Ein tittel bør vere fyndig og gjere lesaren nyfiken på innhaldet, som desse: Da vi stjal toget på Sulisbanen og På jobb bak jernteppet. Eit meir bevisst grep om ingressane ville òg gitt betre leserettleiing. Kan det vere at Fauskeboka no er vorten så omfattande at ho krev ein strammare organisasjon og eit meir medvete redaksjonelt arbeid?

Asbjørn Lind rapporterer frå arkeologigruppa i historielaget som i vår avdekte ca. 2100 år gamle kokegroper på Erikstad. Foto: Asbjørn Lind.

    Desse innvendingane hindrar likevel ikkje at Fauskeboka i år òg er svært leseverdig – også for andre enn fauskeværingar.

Av Inge Strand, Bokmeldarlauget

Fauskeboka 2022
216 sider, 232 bilder, innbundet, 20 x 26 cm.
Utgiver: Fauske historielag, 2022.
Pris: 300 kroner.
www.fauskeslektshistorielag.no 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar