tirsdag 18. november 2025

Årbok for Vågan 2025

Årbok for Vågan – ein verdsvant 50-årsjubilant

 Omtalt av Inge Strand, Bokmeldarlauget

Vågan Historielag rundar i år 50 år og gjev samstundes ut årgang 50 av Årboka – med undertittelen «Skolp». Redaktør Håkon Brun gjev lesarane ein historikk over verksemda og avslører at opphavet til Historielaget er å finne i historieseksjonen på Svolvær gymnas på 1970-tallet. Ei rekkje historielag såg dagens lys på syttitalet i områda våre, som følgje av ei sterk og aukande interesse for lokal historie og lokal kultur, og Bruns skildring av Vågan Historielag fortel oss at jubilanten har vore ei drivande kraft for lokalkultur i 50 år. 

Vågan har ei rik lokalhistorie – som ofte er vevd inn i rikshistoria. Lofotfisket er og har vore viktig for nasjonen, tidleg bydanning (Vágar kaupstaðir) og religiøst senter frå tidleg mellomalder, og sterk tiltrekking på biletkunstnarar og andre kunstaktørar, kan vere døme på det. Vi får såleis eit inntrykk av at årbokredaksjonen ser verksemda si spenne langt utover snevre kommunegrenser.

 

Margaret Gates har vore sentral i kulturlivet ein mannsalder og vart i 2025 hedra med Kongens fortjenstmedalje. Foto: Espen Nordahl, Våganavisa. 

Eit døme på det møter vi alt i første artikkelen, av Gry Falch-Olsen, om kulturskolerektor Margaret Gates, som kom til Lofoten for å ha eit kvileår i 1978 – og vart verande. Gates er frå Liverpool, er lærarutdanna i England med kunst som hovudfag. Etter åtte år nordpå vart ho i 1986 rektor for kulturskolen i Vågan, og det er eit forrykande repertoar ho kan vise til gjennom meir enn 25 år i stillinga. Les sjølv og bli imponert! 

Eit anna døme finn vi i siste artikkelen i boka der Bente M. Larsen følgjer slekta Angell frå Angeln i Tyskland i ti slektsledd før ho når seg sjølv i bygda Ulvåg på Storemolla. Vi kunne tru at det ville bli ei langtekkeleg historie, men det er ei spennande reise Larsen tar oss med på. Ho følgjer hovudlina i slekta, men tar òg avstikkarar undervegs, og lar oss til dømes møte velkjende Thomas Angell i Trondheim og Petter Dass på Herøy på si reise langs Helgelandskysten før ho losar oss inn til Digermulen i sjette slektsledd. Larsens krønike kan verke «smal» på somme, men ho trefte meg!

Vestfjordgata

Skolp kan òg vere nærsynt. Langs 29 sider i boka leier Gullik Maas Pedersen oss gjennom Vestfjordgata i Svolvær, ein gong byens travlaste handlegate, og no med berre ein butikk att. Pedersen presenterer oss for handel og vandel i gata gjennom eit hundreår, illustrert med store, flotte foto – hovudsakleg etter fotograf Kanstad. Denne meldaren er ikkje så lokalkjend i Svolvær at han kan følgje Pedersens vandring og heile tida vite kvar han er. Eg har inntrykk av at vi hoppar hit og dit, stundom i nabolaget, men det gjer ikkje noko: Det er ikkje det romlege som er viktig for meg, derimot den detaljerte og omfattande skildringa av hus, menneske og verksemder som gjev byen substans. Skikkeleg dyktig gjort!


Byvandringa med Gullik Pedersen er illustrert med flotte foto: Foto: Kanstad, Lofotmuseets billedsamling.

Årboka har ei rekkje portrettartiklar. Håkon Brun skriv innsiktsfullt om Kamilla Berg frå Ørsnes, Nord-Noregs første kvinnelege avisredaktør. Hennar karriere starta som redaktørektefelle og bokhandlar i Kabelvåg i 1885. Eit turbulent familieliv førte henne ut av rolla som «redaktørektefelle», og i 1897 vart ho sjølv redaktør i avisa Nordlændingen i Kabelvåg. Vi skal ikkje avsløre alle hennar merittar, men eg nemner at ho har eit oldebarn som har følgd i hennar fotspor.

 

Årboka har vore flink til å finne gode foto og la dei få rom i boka. 
Her er redaktør Kamilla Berg rundt år 1900. Foto: Ukjent. 

Jan Rognmo skriv om Georg Rokkan frå Holandshamn, kan hende mest kjend som far til statsvitaren Stein Rokkan. Han levde sitt vaksne liv i Narvik, og det er eit spennande liv. Eg stussar likevel over at redaktøren har villa publisere denne artikkelen året etter at den var trykt i Årbok for Narvik.  

Årboka er flink til å profilere kvardagsmenneske. Gry Falch-Olsen skriv om Frode Olsen og familien hans i Kongsmarka, der dei har drive bynært jordbruk og mykje anna sidan 1930-tallet. Foto: Ukjent.

Årboka har tradisjon for å sleppe til elevar frå vidaregåande skole med oppgåver dei har skrive på skolen. Mia Karstensen har skrive om oldemor si, fødd i 1920. Oldemora døydde då Karstensen berre var tre år, så forfattaren har skrive oppgåva basert på kjelder – som vel er eit viktig poeng ved slike arbeid. Ho gjer det skikkeleg, og skriv i tillegg lett og ledig om oldemor og hennar liv. Til slutt reflekterer Karstensen over kvinneliv og -roller på 1900-talet med oldemor som eksempel. Flott arbeid. 

Tormod og søstrene

Medelev Iselin Dalhaug Jacobsen har skrive om bestefaren og oppveksten hans på eit bureisingsbruk. Jacobsen har ei solid gruppe informantar som hjelper henne å sjå og forstå bestefarens liv som barn, men ho hentar òg opplysningar frå skriftlege kjelder. Ho evnar såleis å skape ei djuptpløyande forteljing om bestefaren, men òg meir generelt om oppvekstvilkår på 1930- og 1940-talet. Samstundes blir teksten hennar ei kjelde til å forstå kor vanskeleg det kan vere for ungdom i dag å fatte levevilkår for 80–90 år sidan. Ho skriv: «I huset var det ikke innlagt vann, sa de måtte bære inn vann fra brønnen og bære skittent vann ut. Det ble dermed ikke dusjing hver dag.»

Iselin Dalhaug Kristensen skriv om livet til bestefar Tormod Jacobsen, og har funne flotte foto som illustrerer teksten. Her er bestefar saman med søstrene Ragnhild og Margot på slutten av 1930-talet. Foto: Ukjent.

Med arkeologen Reidar Bertelsens syntese om Vágar vender vi attende til Vågans rolle utanfor eigne grenser. Bertelsen har sidan han byrja arbeidet med band 1 av Lofoten og Vesterålens historie i 1973, interessert seg sterkt for den lange historia til Vågan og har sjølv leia fleire forskingsprosjekt her. Bergkunst frå eldre steinalder, malte figurar frå tidleg metalltid, sjøsamisk nærvær i området og ikkje minst ein antatt kontinuitet i skreifisket sidan eldre steinalder,  er viktige element. Tyngdepunktet er likevel mellomalder med ein sentral rolle i fiskeria, status som kaupstaðir og religiøst senter. Bertelsens artikkel er åleine ein god grunn til å kjøpe boka!

 

Fiske og fangst har vore viktig for Vågan, og presentasjonen av ishavsskippar Ottar Olufsen (90) under tittelen «Henningsværs skipper» gjev godt innsyn i eit krevjande yrke. Trudde du at fangstfolk var kjenslelause? Les om Ottar og lær. Foto: Ukjent. 

Årbok for Vågan er fagleg solid, og det er god balanse mellom kvinner og menn både i stoffutvalet og mellom skribentane. Utforminga er tiltalande der bilete og illustrasjonar har stort sett fått god plass. Men somme foto ser ut til å vere fargesett i ettertid utan at det er nemnd i teksten (s. 167–169), og somme foto manglar kreditering. Artikkelforfattarar er presentert i ein kort omtale, men for somme manglar omtalen. Korrekturlesinga er mangelfull: ein forfattar har t.d. fått namnet sitt feilskrive, og skrivemåten til mange stadnamn synest vere tilfeldig.

Det er ei enkel oppgåve for ein dyktig redaksjon å rette opp i.


Bjørner Bodøgaard Christensen leverer ei fyldig og frodig beretning om vintersportsaktiviteter i Kabelvåg på 1950- og 1960-tallet. Bildet viser Bjørner-bakken, som er oppkalt etter forfattaren. Foto: T. Christensen.
 

Årbok for Vågan
207 sider, innbunden 25*19 cm
Vågan Historielag 2025
Pris: kr 300,-

Forsidefotoet er tatt av Kristine Moltu. 

 

 

 

 

 

Avisa Nordland 18. november 2025

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar